Føregangskommunen Kvinnherad

Kvinnherad kommune i Hordaland opplever for tida stor pågang frå unge som vil overta gard. Entusiasme og satsing pregar landbruket i kommunen.

Utbygging og bruk av ny teknologi

Tek ein utgangspunkt i byggjeprosjekt som er starta opp, men endå ikkje skrive ferdigmelding på er det for tida 7 robotfjøs, eit stort ammekufjøs, eit stort sauehus og to utleigehytter + kafé på Guddalstunet under bygging i Kvinnherad. I tillegg har kommunen så langt i år sendt vidare tre prosjekt til Innovasjon Norge: eit prosjekt på frukt, eit stort robotfjøs og ein vidare utbygging av høytørke. Det siste med ein teknologi som så langt berre er teken i bruk ein annan stad i Norge. Kommunen ventar inn søknad om eit stort robotfjøs til, og minst 5 til 10 andre søknader innan kjøtproduksjon på storfe, mjølk, sau og geit. Kvinnherad reknar med å passere 15 mjølkerobotar i drift i løpet av året.

Dyrking

Det er stor interesse for dyrking i Kvinnherad. Det vart godkjent 11 prosjekt med til saman 230 da nytt land i 2017. Til no i år har kommunen godkjent 2 prosjekt der det er planen å dyrke om lag 40 da. Store utbyggingsprosjekt i kommunen gjer og at det finst mykje overskotsmassar som skal brukast til å byggje ut nytt land. Det vert arbeidd mykje med drenering og kommunen har fått mykje SMIL-midlar til store og gode prosjekt.

Utviklingsprosjekt

Saman med NLR – Vest, og med støtte frå Fylkesmannen, har Kvinnherad kommune starta opp eit stort prosjekt innan klimasmart landbruk. Så langt er opp mot 30 bønder med på dette. Det er også i gang eit stort utviklingsprosjekt innan sauehaldet. Saman med Fatland slakterier, NMBU, Baroniet og fleire andre verksemder er det starta opp eit prosjekt der ein skal vurdere nye driftsformer innan sauehaldet. Regionalt forskningsråd Vestlandet har gjeve 3 millionar i støtte til prosjektet.

Kvinnherad kommune har ei eiga Facebookside for landbruk. Denne brukar kommunen aktivt til informasjons- og motivasjonsarbeid.

Kontaktpersonar