Auka støtte til bønder som vil satsa

Innovasjon Norge vil auka støttesatsane for bønder som vil satsa i 2018.

Det vil kunna verta gjeve tilskot på inntil 2 mill. kroner, i tillegg til at tilskotsandelen vil auka for fleire produksjonar. Innovasjon Norge håpar at mange nyttar mogelegheitene som ligg i dette. Det er framleis stort behov for investeringar i Hordalandslandbruket. Overproduksjon innan nokon produksjonar gjer at det vert sett visse grenser for stønad der. Det vert gjeve inntil 5 mill. kroner i tilskot til sauebruk i 2018. For lyst kjøt og egg vert det berre gjeve støtte til nybygg innanfor eksisterande dyretal. For mjølk, frukt og storfekjøt er det elles gode marknadsmogelegheiter.

Samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane

Innovasjon Norge i Hordaland og i Sogn og Fjordane er no slått saman til eit felles kontor, med felles leiing. Det betyr at det vert ein felles praksis også på landbruksområdet, gjeldande frå 2019. Korleis dette vil slå ut for Hordaland er det vanskeleg å seia noko om enno, men i fylgje Innovasjon Norge er etterspurnaden etter investeringstilskot høgare i Sogn og Fjordane enn i Hordaland.

Sjå vedlagt fil meir informasjon.

(Kjelde: Innovasjon Norge)

Kontaktpersonar