Fylkesmannen i Hordaland gjer framlegg om nytt «Utvalgt kulturlandskap i jordbruket» i Ullensvang herad

Fylkesmannen i Hordaland gjer framlegg om at delar av Ullensvang vert eit "Utvalt kulturlandskap i jordbruket". Vi ønsker at eit jordbruksområde med frukt er representert i ordninga.

Ullensvang er fruktdyrkinga si vogge og har eit landskap som er prega av korleis folk lever her. I Hordaland er det allereie to område i ordninga: Gjuvslandslia på Varaldsøy og Havrå på Osterøy. Vi håpar på at Hordaland får sitt tredje.

Ordninga gjev området ein status, samt moglegheiter til å gjennomføre diverse tiltak i kulturlandskapet. Av dei 14 områda som no ligg til vurdering nasjonalt, vil om lag 10 område verte valt ut i denne omgangen.

Kontaktpersonar