Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket, SMIL 2017

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket SMIL vert forvalta av kommunane som set eigne søknadsfristar og løyver tilskot etter lokalt fastsette tiltaksstrategiar.

Formålet med tilskotet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og å redusere ureining frå jordbruket, utover det som er venta av vanleg jordbruksproduksjon.

Frå 2017 kan eigarar av landbrukseigedom som sjølv ikkje driv, men kor det føregår produksjon som gjev rett til produksjonstilskot, søkje SMIL midlar.

Arbeidsfrist for SMIL prosjekt er normalt 3 år, med høve til lenging til 5 år. Når arbeidsfristen går ut, vert løyvinga trekt attende.

 

Gjeldande forskrift

Rundskriv for bruk av SMIL-midlar

Forventningsbrev til kommunane 2017

For meir info og søknadsskjema: sjå nettsida til Landbruksdirektoratet