Nytt tilskot til stølsdrift

I år kjem det eit nytt tilskot til stølsdrift meir enn 6 veker. Tilskotet er på 50 000 kroner pr føretak.

I jordbruksoppgjeret bestemte avtalepartane å innføre eit nytt tilskot til støling frå i år. Tilskotet blir ein del av dei regionale miljøtilskota (RMP). Det nye stølstilskotet kjem i tillegg til dei tilskota til stølsdrift som alt er med i RMP.

I år vil det vere mogleg å søkje på desse tilskota til stølsdrift:

- Støling i 4-6 veker. Enkeltstøl eller fellesstøl. Tilskotet er på 25 000 kroner pr støl.

- Støling i meir enn 6 veker. Enkeltstøl eller fellesstøl. Tilskotet er på 50 000 kroner pr støl.

- I tillegg dei to tilskota over, kan ein søkje om tilskot til foredling med vidaresal frå stølen.

Tilskotet er på 15 000 kroner pr støl. Ein kan ikkje få tilskot for både støling i 4-6 veker og for støling i over 6 veker. Føretaket må ha hovuddelen av mjølkeproduksjonen med ku eller geit på stølen i 4-6 veker eller i minst 6 veker. Produksjonen skal skje innanfor kvote. Føretaket treng ikkje ha driftssenter i Hordaland.

For å ha rett på tilleggstilskotet til foredling med direktesal, må omsetninga på stølen vere på minst 20 000 kroner i løpet av stølingstida.

Søkjar må levere dokumentasjon over sal/omsetning på stølen til kommunen innan 15. oktober i søknadsåret. Føretak kan søkje om regionale miljøtilskot via Altinn. Frå og med 2018 er søknadsfristen 15. oktober. Nye søkjarar bør søkje i god tid før fristen, slik at dei rekk å be kommunen om hjelp dersom det er nødvendig. Søknader som blir leverte etter søknadsfristen, får eit trekk på 1000 kroner i tilskot pr verkedag levert for seint etter fristen.

Kontaktpersonar