No kan fleire få tilskot for bratt areal

I år vert vilkåra for å få tilskot til bratt areal endra, slik at fleire kan få tilskotet. I tillegg kan dei med mykje bratt areal kan få utbetalt meir tilskot enn tidlegare.

Tilskot til bratt areal er ein del av dei regionale miljøtilskota, òg kjent som RMP. I jordbruksoppgjeret vart det sett av nær 3 millionar meir til tilskot til bratt areal i Hordaland. Fylkesmannen har difor, i samråd med Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag, endra vilkåra for å få tilskot til bratt areal.

Tilskotet til bratt areal gjeld fulldyrka og overflatedyrka areal som er brattare enn 1:5 og 1:3. Alle som har ein dekar eller meir bratt areal, kan no søkje om tilskotet. Det er ikkje lenger nokon avgrensing på kor mykje bratt areal ein kan få tilskot for. Den maksimale utbetalinga pr føretak blir heva frå kr 25 000 til kr 50 000.

For tilskot til areal med spesielle verdiar- bratt areal frukt, gjeld dei same endringane.

For å ha rett på tilskota, må ein skjøtte arealet. Grasareal skal haustast ved slått. Kun beiting og/eller beitepussar er ikkje nok. Fruktareal skal bli skjøtta med skjering, plantevern, slått mellom radene osb og frukta skal bli hausta.

Tidlegare har tilskot til bratt areal gått til dei som har meir enn 30 % bratt areal av det totale fulldyrka og overflatedyrka arealet og det har ikkje blitt utbetalt tilskot for meir enn 50 dekar. Det har heller ikkje vore mogleg å få utbetalt meir enn kr 25 000 i bratt tilskot. No er det såleis mange fleire som kan få tilskotet og dei som har mykje bratt areal, kan få utbetalt meir i tilskot.

Dei som ønskjer å søkje på tilskotet, gjer det via Altinn. Søknadsfristen er 15. oktober (ny søknadsfrist i år). På søknaden skal ein markere det bratte arealet i eit kart. Kva areal som er bratt nok til å få tilskot, går fram av kartet. Nye søkjarar bør søkje i god tid før fristen, slik at dei rekk å få hjelp av kommunen dersom dei synes det er vanskeleg å fylle ut søknaden. Søknader som blir leverte etter søknadsfristen, får eit trekk på kr 1000 i tilskot pr verkedag levert for seint etter fristen.

Det bratte jordbruksarealet er eit viktig produksjonsareal, men hellinga gjer at det er meir arbeidskrevjande å drive enn flatare areal med same produksjon. Avtalepartane i jordbruksoppgjeret grunngjev auken i tilskotet med dei driftsvanskane det er å drive bratt areal, samt at arealet er ein viktig del av kulturlandskapet.