Kandidatar til Anton Mindes Ærespris

Ku
Illustrasjonsbilde (Foto: Marit Gåre / Marit Gåre)

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap ber om forslag til kandidatar til «Fabrikkeier Anton Mindes Ærespris for framifrå gardsdrift»

Kandidaten må drive garden på ein framifrå måte, ha eit godt dyrehald og velstelt areal. Bruket må vere eit mønsterbruk med orden i tun og i bygningar. Drifta på bruket må gje god økonomisk avkasting. Det skal takast omsyn til distrikt ved tildeling av prisen. Hordaland fylke sine landbruksorganisasjonar, faglag, forsøksringar, landbrukskontor, samarbeidsrådet og fylkesmannen si landbruksavdeling i Hordaland kan føreslå kandidatar til prisen. Sist utdeling var i 2016 og gjekk til Kjell-Åge Årdal i Bergen.

Forslag til kandidatar må sendast til styret innan 10. juni 2018. Forslag kan sendast til fmhokdb@fylkesmannen.no eller til Stiftinga Hordaland Landbruksselskap, Postboks 7315, 5020 Bergen. Spørsmål kan rettast til Kari des Bouvrie, tlf. 55 57 20 22.

Kontaktpersonar