Dyrking og drenering

Større teigar, meir køyresterk jord og betre driftsvegar kan vere nødvendig for vidare produksjon på garden og auka matproduksjon. Mykje av jordbruksareala i Hordaland er dårleg arrondert og det er behov for enklare drift. Slike tiltak må skje med omsyn til både miljø, kulturminne og naboar, og krev oftast søknad til kommunen.

Nydyrking og planering har eige regelverk, medan mottak av jord og stein frå anleggsarbeid krev ekstra vurderingar frå kommunen. Søknaden må vere utfyllande. Dersom det er behov for å leggje bekk i røyr eller fjerne steingardar for å få større teigar, må det bli vurdert opp mot natur- og kulturverdiar. Kommunen kan gjere vurdering og gi godkjenning.


01.12.2016

Jord og massar

under arbeid



Kontaktpersonar