Miljøtiltak

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Fylkesmannen har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Fylkesmannen skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir

 


17.10.2013

Kulturlandskapsprisen 2013

Fylkesmann Lars Sponheim delte ut Kulturlandskapsprisen 2013 på kr 50 000,- til Toril L. og Johan Børsheim for deira mangeårige innsats for arbeid med restaurering og utvikling av husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik.


20.08.2013

Miljøtilskot - Utsett frist for elektronisk søknad

SLF forlengar fristen i Hordaland til 27. august for søknad om regionalt miljøtilskot. Dette gjeld elektroniske søknadar.


17.07.2013

Skjøtselsplanar til RMP 2013

Fylkesmannen i Hordaland har laga mal for skjøtselsplan til artsrik slåttemark og kystlynghei. Skjemaene kan brukast når ein søkjer om RMP-tilskot til desse ordningane.


22.02.2013

Kartlegging av kystlynghei i Hordaland

Kartelgging av kystlynghei er ei oppfølging av prioriteringane i Regionalt miljøprogram for Hordaland. Prosjekt har hatt som mål å kartleggje status for skjøtsel og utforming av kystlynghei i Hordaland.


18.02.2013

Regionalt miljøprogram Hordaland 2013-16

Som del av arbeidet med utforming av nytt regionalt bygdeutviklingsprogram, er RMP for Hordaland revidert og spissa i høve regionale tilhøve og miljøutfordringar, politiske ønske og utviklingsutfordringane ein ser føre seg vidare framover.


18.02.2013

Miljøplan

Miljøplan er eit system i to trinn for registrering, planlegging og dokumentasjon av miljøtiltak knytt til jordbruksdrift. Miljøplan skal føre til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til at positive miljøeffektar av jordbruksdrift blir haldne ved like eller blir auka.


Fleire nyhende