Tilskot til direktesal av frukt, bær og grønt

Kjøttmorell Van, foto: Johannes Sekse
Kjøttmorell Van, foto: Johannes Sekse

Driv du med direktesal av moreller langs vegen? Sel du frukt, bær eller grønt direkte til kunden? Då må du hugsa å få dokumentasjon på salet dersom du skal søka om tilskot til direktesal.

Ei viktig melding til fruktbønder som har direktesal:
Frå og med 2018 kan du søka om tilskot til sal av frukt, bær og grønt direkte til kunden. For å få tilskot, må du kunna dokumentera salet. Salsvedlegget må visa tal kilovare som er selt.

Søknadsfristen er 15. oktober, men sal etter denne datoen kan etterregistrerast fram til og med 10. januar året etter. Du kan også søka om tilskot til direktesal av omarbeida vare. Les meir om kva det kan søkast tilskot til, og kven som kan søka på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Her finn du meir informasjon om krav til salsvedlegget.  

Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål.

Kontaktpersonar