Bergen Matfestival i ny drakt

Bergen Matfestival og Bergen Ølfestival auka billettsalet med 30 % i år, og satte med det ny publikumsrekord etter flyttinga til Koengen med 30.000 besøkande, helga 1.-3. september.

Bergen Matfestival har dei siste åra gått gjennom endringsprosessar som har vore krevjande, men som skulle gje ein meir uavhengig, sjølvstendig festival, som i tillegg til tradisjons-, lokalmat- og handelsaspektet og femner urban matkultur og oppleving. Dette er ei følgje av Bergen sin medlemskap i UNESCO sitt Creative Cities of Gastronomy-nettverk, men og ei tilpassing til publikum og merksemd rundt lokal mat i byen.

I 2015 flytta festivalen frå Bryggen til konsert- og festivalområdet Koengen, like ved. Dette vart gjort grunna avgrensingar på areal, trafikk og brannomsyn, men gav og høve til innføring av inngangsbillett for publikum, slik at festivalen kunne få ein eigen økonomiske bereevne. Tilgjenge er moderat prisa og gjeld båe festivalar, alle dagar. Det har likevel vore ei avgrensing for mange som tidlegare «droppa innom» på Bryggen, men auka fokus på arrangement, opplevingar, kurs og spisetilbod ser ut til å transformere festivalen. Det har gitt dei tradisjonelle lokalmatprodusentane ein viss reduksjon i salet, men og meir fokus på profilering. Det er likevel eit poeng å behalde mest mogleg av «torgdagskjensla», og førebelse målingar tyder på at salet no er på veg opp att. Restaurantteltet, som i år vart drive av Colonialen, Cornelius Seafood Restaurant, Restaurant 1877, Bryggen Tracteursted, Bien og Marg og Bein, inkluderte i år også 4 siderprodusentar frå Hardanger, og dobla salsvolumet i høve fjoråret.

Opplevingsaspektet var også i år ivareteke av mellom anna Hordaland Bondelag og Barnas Matfestival, men nytt av året var eit kurs- og inspirasjonstelt, der det vart gjennomført heile 50 gratis matkurs gjennom heile helga. Bergen Matfestival er ikkje berre ein handelsarena – det skal og vere ein arena for kunnskap og inspirasjon om mat, spreie kunnskap om sunn og berekraftig mat, og ikkje minst inspirere til korleis ein tek maten i bruk.

Bergen Unesco City of Gastronomy

I 2016 vart administrasjon og drift av festivalen overført frå Fylkesmannen til utviklingsselskapet Matarena AS. Dette vart gjort både fordi arrangementet ikkje er ei statleg oppgåve, men ikkje minst for å gje byen og næringane, herunder restaurantnæringa i Bergen, større eigarskap til og deltaking i festivalen.

Dette hang og nøye saman med at Bergen kommune i 2015 vart oppteken som medlem i UNESCO Creative Cities of Gastronomy-nettverk («kreative matbyar»). Dette er eit nettverk av 116 byar som forplikter seg til internasjonalt samarbeid til eigen og kvarandre si nærings- og byutvikling, under paraplyen av eit velt, kreativt kulturuttrykk, i dette høvet gastronomi, eller matkultur. Bergen har ei tusenårig historie som, og er bygd på mathandel, både internasjonalt (tørrfiskhandel/korn/salt) og regionalt (handelsby og marknad for fjordbønder og fiskarar).

Gastronominettverket femner no 19 byar frå rundt heile verda, og dettte medfører stor vilje til utveksling og vitjing. I år hadde Bergen heile 5 andre byar på vitjing, som til saman deltok med 9 kokkar på standane sine på matfestivalen: Østersund (S), Denja (E), Parma (I), Gaziantep (TR) og Chengdu (CHN). Høgdepunktet for den internasjonale vitjinga var eit UNESCO Gastronomy Dinner publikumsarrangement kveldstid, eit samarbeid mellom vitjande kokkar og nokre av dei mest dynamiske restaurantane i byen, som dreiv restaurantteltet på festivalområdet. Bergen vitjer og fleire av dei andre UNESCO-byane på deira festivalar og andre arrangement og prosjekt gjennom året.