Landbrukseigedommar og buplikt

Eigedomane er grunnlaget for verdiskapinga i landbruket. Den som overtek ein  landbrukseigedom må søkje om konsesjon dersom eigedomen er utan bygningar, eller dersom eigedomen har eit samla areal på meir enn 100 dekar, eller eigedomen har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord.

Konsesjonslova gjeld for dei fleste typar erverv (kjøp eller arv) av fast eigedom. Formålet med konsesjonslova er å støtte opp under det tradisjonelle familielandbruket, men lova er også til gagn for dei som vil utvikle eigedomar med nye næringar, og for dei som ønskjer å bu på eit gardstun.

Buplikt

Det er eit politisk mål å ha busetjing i heile landet, noko som blant anna blir sikra gjennom buplikta. Plikt følgjer direkte av lova når den som har odel eller er i nær slekt med førre eigar, overtek ein eigedom med bustadhus og meir enn 35 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog. Buplikt kan òg setjast som vilkår i ei konsesjonssak. Kommunen kan også innføre buplikt for dei som kjøper eller arvar heilårsbustader, utan omsyn til storleik på eigedomen. 

Jordlova

Jordlova speglar det landbrukspolitiske målet om å sikre arealressursane og halde oppe og styrkje ressursane på det enkelte bruket. Dette inneber mellom anna at den som eig dyrka mark, har ansvar for at jorda blir driven.

Jordlova har reglar om driveplikt, omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og om deling av landbrukseigedom. Kommunen behandlar og avgjer saker etter jordlova og konsesjonslova, og Fylkesmannen er klageinstans.

Vis meir


03.10.2016

Fylkesmannen støttar framlegg til endring av odelslova, konsesjonslova og jordlova

Fylkesmannen i Hordaland støttar framlegg til endringar i odelslova, konsesjonslova og jordlova. I uttalen vert det understrka at endringane ikkje vil få verknad for driveplikta.


19.04.2016

Verknaden endring av arealgrensa vil ha i Hordaland

Stortinget har bedt regjeringa kome med forslag om endring av arealgrensa for landbrukseigedomer. Slik vil dette slå ut for Hordaland fylke sin del. 


15.01.2015

Rår i frå oppheving av konsesjonslov og buplikt


04.12.2012

Bergen kommune kjøper gardsbruk på Almås i Åsane

Bergen Tomteselskap a/s kjøpte i 2000 og 2001 to gardar på Almås i Åsane i Bergen.