Jordvern

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir


02.05.2017

Program for regional jordvernkonferanse

Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Rogaland arrangerer ein konferanse knytt til jordvern i Haugesund 2.oktober. Her blir m.a. fortetting av bustadområde, transformasjon og konsentrert utbygging sett på programmet. 


27.02.2017

Ber om innspel til nasjonal jordvernpris

Kven i Hordaland har gjort seg fortent til å motta Noreg sin først nasjonale jordvernpris? Fylkesmannen ønskjer innspel på kandiatar.


28.11.2016

Sjekkliste for driveplikt

Fylkesmannen i Hordaland, i samarbeid med NIBIO og NLR, har utarbeidd sjekkliste knytt til oppfølging av driveplikt.


07.10.2016

Jordmassar frå problem til ressurs

I rettleiaren som Region Nordhordland har laga er det samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Prosjektet har fått skjønsmiddel frå Fylkesmannen.


18.03.2016

Omdisponering av jord og oppfølging av nasjonal jordvernstrategi

Det har no kome førebelse KOSTRA-tal for 2015, som visar kor mykje dyrka og dyrkbar jord som har blitt omdisponert i Hordaland. 


04.07.2014

Ein auke i omdisponering av dyrka og dyrkbar mark i Hordaland i 2013

Kommunane i Hordaland har rapportert inn at det er 402 dekar dyrka mark og 373 dekar dyrkbar mark, totalt 775 dekar som vart omdisponert til andre føremål enn landbruk i 2013.