Spreiing av husdyrgjødsel og RMP-tilskot

Har du tenkt å søkje om RMP-tilskot hausten 2018? Då må du lese dette før du startar å gjødsle i år!

Det er to tilskotsordningar i RMP som har spesielle krav til gjødsling som du må følge heile det året du skal søkje om tilskot.

Tiltak mot utslepp til luft (bruk av nedlegging og tilførselsslange)

Bruk av nedleggingsutstyr fører til betre utnytting av gjødsla, hindrar tap av næringsstoff, reduserer lukt og reduserer jordpakking ved gjødsling. For å ha rett på dette tilskotet for eit areal, må:

  • All husdyrgjødsel på det arealet ein skal søkje om tilskot, må vere spreidd med nedlegging og tilførselsslange.
  • Du må føre logg over gjødsling med opplysningar om dato for gjødsling, skifter som er gjødsla og omtrent mengde spreidd gjødsel.
  • Gjødsla på omsøkt areal skal vere spreidd i veksande eng på fulldyrka eller overflatedyrka areal.
  • Gjødsla skal vere spreidd i vekstsesongen og før 10 august.
  • Minste spreiemengde er 5 kg total-N pr daa.
  • Areala som ein skal søkje om tilskot for, må haustast eller beitast etter spreiing av husdyrgjødsel og det same året som gjødsla vart spreidd.
  • All husdyrgjødsel som føretaket disponerer, skal brukast i samsvar med gjødselvareforskrifta (Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav av 4. juli 2003).

Tilskotet gjeld kun spreiing med nedlegging saman med tilførselsslange. Det vert ikkje gitt tilskot for nedfelling/DGI eller for tilførselsslange i kombinasjon med anna utstyr enn nedleggingsutstyr.

Miljøavtale

Dette tilskotet er for føretak som har inngått ein miljøavtale med kommunen om tiltak for å redusere avrenning frå areala til vassdrag med elvemusling. Miljøavtalen er ein kontrakt mellom brukar av arealet og kommunen, med retningslinjer for drift av arealet i nedbørssona. Føretak som har fått tilskot til miljøavtale i 2017, har signert ein avtale som gjeld tom 2017. Dersom du ønskjer å halde fram som mottakar av tilskot for miljøavtale, følgjer du den gamle avtalen vidare i 2018. Føretak som ikkje har søkt om tilskot for miljøavtale før og som ønskjer å søkje om dette hausten 2018, må ta kontakt med kommunen for å signere ein avtale.

Føretak som har miljøavtale, kan i tillegg søkje på ordninga «ugjødsla randsone i eng» på det same arealet. Dette gjeld der fulldyrka- og overflatedyrka areal grensar tett inntil vassdrag med årviss vassføring.

Føretaket må følgje miljøavtalen det året det skal søkje om tilskot.

Søknadsfrist for RMP er 20. september 2018.

Miljøavtalen gjev instruksar om korleis ein skal handtere gjødsel for å hindre avrenning til vassdraget:

  • Husdyrgjødsel skal ikkje spreiast før grasveksten har kome i gang om våren og uansett ikkje før 15. mars.
  • Miljøavtalen sine instruksar for fosforgjødsel skal følgjast.
  • Husdyrgjødsel skal ikkje spreiast etter 10. august.
  • Det skal vere ei 5 meter brei buffersone langs vassdraget. Det skal ikkje brukast gjødsel dei næraste 2 meter frå vassdraget og maksimalt halv mengde på de resterande 3 meter. Det skal ikkje brukast plantevernmiddel i buffersona, med unntak av punktsprøyting.
  • Føretaket må føre gjødseljournal.

Gjødslingsplanen må vere oppdatert til å samsvare med krava i miljøavtalen.

Kontaktpersonar