Jordbruk

Jordbruk omfattar dyrking av plantar og husdyrhald. Jordbruksarealet i Noreg utgjer omtrent tre prosent av landarealet, og det er store variasjonar mellom fylka.

Fylkesmannen skal medverke til at jordbrukspolitikken blir realisert

Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre den nasjonale jordbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Fylkesmannens oppgåver innan jordbruk er i hovudsak knytte til forvaltning av tilskots- og erstatningsordningar.

Fylkesmannen gir råd og informerer om verkemiddelbruk overfor kommunane, forsøksringar og næringsutøvarar innan jord- og hagebruk. Fylkesmannen skal fungere som initiativtakar og pådrivar for verdiskaping og utvikling innan sektoren. 

Vis meir

Hordaland har store og varierte beiteressursar, både i kystnære og indre strok. Fylkesmannen driv ulike prosjekt for utvikling av beitelandskapet på ein berekraftig og variert måte, med utgangspunkt i lokal næringsutvikling. Eit variert landskap og ein variert næringssstruktur gjev ulike vilkår for matproduksjon. Difor er ein alltid på jakt etter dei beste driftsløysingane for å auka matproduksjonen, både tradisjonelt og i tilknyting til nye næringar.

Landskap i drift (LID)
Prosjektet søkjer betre nytting av beiteressursar for ein meir (klimavenleg) ekstensiv, grovfôrbasert kjøtproduksjon i Hordaland, gjennom eit aktivt, mangesidig landbruk, der landskapet vert halde ope ved å utvikle større, samanhengande beiteområde. Spesielt fokus på å ta i bruk innmarksbeite og utmarksbeite som har gått ut av bruk, og å fremje vårbeiting på noverande beiteområde. Klimafokuset i prosjektet søkjer mellom anna skal å finne gode løysingar for fôringsplasser for å unngå tap av husdyrgjødning, terrengskadar og ha betre styring av beitedrifta. Midlar kan gå til samarbeide på tvers av eigedomsgrensene for større, samanhengande beiteområde.


23.10.2018

Autorisasjonsordning for gnagermidler

Fra 15. oktober 2018 ble det åpnet opp for at personer som eier og/eller leier en landbrukseiendom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagermidler.


15.10.2018

Spreiing av husdyrgjødsel i oktober

Det er ikkje innført endringar i praktisering av regelverket for behandling av søknader om spreiing av husdyrgjødsel etter 1. oktober.


06.09.2018

Tørkesommar i Hordaland og erstatning etter avlingssvikt


16.03.2018

Spreiing av husdyrgjødsel og RMP-tilskot

Har du tenkt å søkje om RMP-tilskot hausten 2018? Då må du lese dette før du startar å gjødsle i år!


02.10.2017

Agro Hordaland 2017

Overskotsmassar og jordflytting er stadig meir aktuelt, og vi får høyre erfaringer og gode råd. Vi set òg fokus på klimautfordringar i landbruket, ugras og drenering.


13.10.2016

Spreieareal for husdyrgjødsel

Ein har bere lov til å spreie husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og ein må ha nok spreieareal i høve til dyretalet. Fulldyrka jord og overflatedyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal. Dersom ein vil spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må kommunen godkjenne arealet på førehand.


07.10.2016

Jordmassar frå problem til ressurs

I rettleiaren som Region Nordhordland har laga er det samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Prosjektet har fått skjønsmiddel frå Fylkesmannen.


08.09.2016

Korleis kan landbruket møte klimaendringar?

Ein ny rapport frå NIBIO synleggjer kva klimaendringar vi kan vente, og kva konsekvensar dette har for landbruket i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tiltak kan vere auka drenering, klimatilpassa plantemateriale og endra gjødslingspraksis.


02.08.2016

Ny sistefrist for spreiing av husdyrgjødsel i regionalt miljøprogram (RMP)

Regionalt miljøprogram (RMP) inneheld ordningar som skal hindre avrenning og utslepp til luft frå husdyrgjødsel. Fristen 10. august vert no endra til 31. august grunna vêrforholda i sommar.


19.07.2016

Meir enn 8 millionar i erstatning til fruktbønder i Hardanger

I fjor var det vanskeleg vêr for fruktdyrking i Hardanger. Fylkesmannen i Hordaland har no betalt ut om lag 8,2 mill kr til fruktbøndene etter klimaskadar i 2015.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar

Landskap i drift

Kontaktperson
Bastian Edi Hoffmann
55 57 21 47