Inn på tunet - ny handlingsplan

Korleis kan me stimulera til auka Inn på tunet-aktivitet? Ny handlingsplan gjev retning for Inn på tunet-arbeidet framover. 

 

Handlingsplan for Inn på tunet i Hordaland vart vedteken i september. Planen følgjer opp dei nasjonale strategiane og har informasjon, sterkare koordinering av det lokale arbeidet og kompetanseutvikling som viktige verktøy. 

Planen er delt i tre innsatsområde:

  • Inn på tunet i Hordalandskommunane sine dagtilbod for personar med demens
  • Inn på tunet som aktuelt tilbod for born og unge
  • Psykisk helse og rusomsorg, med vekt på arbeidsretta tilbod

Alt to veker etter at handlingsplanen vart vedteken arrangerte helseavdelinga og landbruksavdelinga fagdagen "Lag deg ein fin dag" - dagtilbod for personar med demens. 130 deltakarar, dei fleste frå helsesektoren, fekk oppdatert kunnskap, let seg inspirera av gode eksempel og delte erfaringar. (Sjå eiga nettsak)

Styringsgruppe for handlingsplanarbeidet for Fylkesmannen i Hordaland er:

Rune Fjeld – Assisterande fylkesmann (leiar), Helga Arianson – Fylkeslege, Anne Hjermann – Utdanningsdirektør, Åse Vaag – Landbruksdirektør

Kontaktpersonar