Fagdag - demensplan og Inn på tunet

Målet for fagdagen "Lag deg ein fin dag" - Demensplan 2020 frå plan til handling" var gje motivasjon, kunnskap og verkøy for gode dagtilbod for personar med demens. Inn på tunet var eit sentralt tema gjennom dagen.  

Alt to veker etter at ny handlingsplan for Inn på tunet vart vedteken arrangerte helseavdelinga og landbruksavdelinga ved FMHO fagdagen "Lag deg ein fin dag" - Demensplan 2020 frå plan til handling. 130 deltakarar, dei fleste frå helsesektoren, fekk oppdatert kunnskap, let seg inspirera av gode eksempel og delte erfaringar.

Praktiske vinklingar

Fagdagen starta med eit innblikk i ny nasjonal fagleg retningsline om demens, før me fekk kunnskap om Inn på tunet sine aktivitetstilbod til personar med demens, ambulerande dagaktivitetstilbod i Fredrikstad, dagsenter i nye roller i Bergen kommune og korleis ein har oppnådd dobbel glede gjennom samarbeid med frivillige i Fjell kommune.  Eit viktig innslag i dagen var stemme frå brukar og pårørande, der pårørande Rune Samdal tok oss med inn i ein familie som vert sterkt påverka av demenssjukdom.

Heile dagen hadde praktiske vinklingar, og vart avslutta med kafédialog, der eit mylder av komptetente menneske delte erfaringar omkring viktige spørsmålstillingar.

 

 

Dokument