Inn på Tunet

Inn på Tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tilbodet skal gje meistring, utvikling og trivsel.

På denne sida finn du nyhende og annan informasjon om Inn på tunet

 

 
Ut frå embetsoppdraget frå Landbruks- og matdepartementet skal Fylkesmannen følgja opp den nasjonale handlingsplanen for Inn på tunet, og rapportera på samarbeid på tvers av sektorar og ut frå resultat. Det er Fylkesmannen si landbruksavdeling som har ansvar for å koordinera og utvikla arbeidet med Inn på tunet i Hordaland.
 
Hovudoppgåvene er
  • å gjera Inn på tunet betre kjent i kommunal og statleg sektor
  • å auka kompetansen på kjøpar- og tilbydarsida gjennom utviklingsarbeid, informasjonsarbeid, kurs og andre aktivitetar 

Arbeidet vert styrt av Handlingsplan for Inn på tunet 2017-2018.

 

Fagforum Inn på Tunet – Hordaland er ein interessorganisasjon for alle tilbydarane i fylket. Dei skipar til nettverkssamlingar og andre faglege aktivitetar for å støtte opp om tilbydarane sine interesser.

10.10.2017

Fagdag - demensplan og Inn på tunet

Målet for fagdagen "Lag deg ein fin dag" - Demensplan 2020 frå plan til handling" var gje motivasjon, kunnskap og verkøy for gode dagtilbod for personar med demens. Inn på tunet var eit sentralt tema gjennom dagen.  


09.10.2017

Ny handlingsplan for Inn på tunet

Korleis kan me stimulera til auka Inn på tunet-aktivitet? Ny handlingsplan gjev retning for Inn på tunet-arbeidet framover. 


05.09.2017

Fagdag - dagtilbod for menneske med demens

Fylkesmannen i Hordaland arrangerar fagdag med tema Dagtilbod for menneske med demens. Inn på tunet er eit sentralt tema i fagdagen.


24.01.2017

Dagtilbod for menneske med demens - ny handbok

Ny nasjonal handbok og nasjonal demensplan viser korleis kommunane kan nytta gardsbruk i sine tilbod for heimebuande personar med demens.


08.09.2016

Vellukka gjennomføring av Inn på tunet+

Inn på tunet+ har vore gjennomført for Inn på tunet-bedrifter hausten og vinteren 2015/2016. Inn på tunet+ skal løfte og styrke etablerte bedrifter.


26.04.2016

Inn på tunet i NRK Dyrevenn

Onsdag 4. mai har NRK Dyrevenn sending frå Inn på tunet garden Framnes gård i Bergen. Her får me sjå born i arbeid med ulike dyr på garden.


10.02.2016

Inn på tunet+

Pilotprosjektet Inn på tunet+ er godt i gang. Satsinga inneheld mentorhjelp og fagleg påfyll til bønder som driv eiga Inn på tunet-verksemd i Sogn og Fjordane eller i Hordaland, og som står framom viktige vegval. 16 verksemder deltek i satsinga.


05.06.2015

Inn på tunet+ for etablerte bedrifter

Driv du eiga Inn på tunet-bedrift i Sogn og Fjordane eller i Hordaland, treng fagleg påfyll og står framom viktige vegval for di bedrift?


05.05.2015

Nasjonal konferanse - Med meistring som ballast

Korleis kan landbruket, og kontakt med dyr og natur gje meistring og helsegevinst?

Velkomen til nasjonal konferanse på Clarion Hotel Energy i Stavanger 2. – 3. november 2015!


26.02.2015

Stor interesse for Inn på tunet i Hordaland

Over 40 ivrige og nysgjerrige gardsbrukarar møtte til informasjonsmøte om etablering av Inn på Tunet-verksemd i Bergen i januar, og fekk nyttige tips og mykje informasjon om korleis ein kan komme i gang og få ein god start på ei Inn på tunet–satsing på eigen gard.


08.12.2014

Informasjonsdag om Inn på tunet

Invitasjon til informasjonsdag for deg som vil starte opp med Inn på tunet eller utvikle verksemda di vidare. Arrangementet vil haldast på Statens Hus i Bergen, like ved jernbanestasjonen, den 30. januar frå kl 10-15, og er gratis.




Fleire nyhende