Romeplanta, orsaka til dyredød på beite

Mattilsynet varslar at romeplanten kan vere orsak til at fleire storfe er funne døde i beiter rundt om. Sjølv om rome er nokså giftig, er den til vanleg ikkje noko problem for beitande husdyr. Årets tørke har ført til beiting på myrlendte områder med mykje romeplantar som dyra tidlegare hadde unngått

 

Rome er ein middels høg, glatt, fleirårig plante med krypande jordstengel. Den har gule blomar med raude støvknappar. Den veks på kalkfattig grunn i grasmyrar, sigevassmyrar og fuktheiar.

Ved større inntak kan rome kan gi alveld hjå sau. Alveld er ein sjukdom som gir sau/lam leverskade, gjere dei særs vare for sollys og gi dei oppsvulma ansikt og øyrer. I verste fall kan dyra bli blinde og stryke med i store smerter. Kvit sau er mest råka. Hjå storfe kan større inntak av rome føre til akutt nyresvikt og død.

Akutte tiltak

Sett inn dyra for å beskytte dei mot sollys. Syt for at sjuke dyr får god tilgang på høy og vatn. Påføring av ei fet salve på oppsvulma område kan lindre smerter og hemme utviklinga av sekundærsjukdomar.

Inngjerding av område med mykje romeplantar er effektivt men krevjande tiltak.

Lenke til meir informasjon om romeplanta

Kontaktpersonar