Vellukka samling for organiserte beitebrukarar

Kring 60 beitelagsleiarar frå Hordaland var samla til dialogmøte og fagsamling omkring viktige tema 26-27. januar.

Fyrste dagen av samlinga var sett av til dialogmøte med næringa. I heile dette året skal Fylkesmannen arbeider med nye strategisk planar for landbruksnæinga, med verknad frå 2019. Dette arbeidet vert gjort i samarbeid med Sogn og Fjordane og er omfattande. Landbruksdirektøren sette stor pris på engasjementet som beitelagsleiarane synte og på innspela som kom. Viktige tema vart diskuterte, som t.d. investeringstilskot til nye sauefjøs. Det er viktig at dette vert oppretthalde framover, sjølv om det er ein viss overproduksjon i marknaden no. Andre ting som vart snakka om er korleis samarbeidet i dei ulike beitelaga fungerer, kva utfordringar ein har osb.

Fagsamling med nyttige innlegg og diskusjonar

Om ettermiddagen starta fagsamlinga i regi av Hordaland Sau og Geit. Det vart presentert mange interessante innlegg om både klimautfordringar som næringa vil møte og korleis dei kan vere ei viktig brikke i å nå klimamåla. Nibio starta laurdagen med eit interessant foredrag om kartlegging av kvalitet av utmarksbeite. Forsvarets Forskingsinstitutt sette klima- og miljøutfordringar i samanheng med migrasjon og matproduksjon på verdsbasis. Eit svært godt og informativt innlegg. Viktigheita av gode gjeterhundar og nytt sporingsutstyr var tema som avslutta denne vellukka helga.

Kontaktpersonar