Lite tap av sau og lam på utmarksbeite

Det er låge tapstal for sau og lam som vart sleppt på utmarksbeite i Hordaland i 2017. Hovudgrunnen er lite rovdyr og organisert beitebruk.

Totalt sett er tapstala for Hordaland ikkje høge samanlikna med andre delar av Noreg. Sjølv om det i visse område langs kysten særleg er problem med tap av lam til ørn. I desse kommunane (Fitjar, Austevoll, Fjell og Masfjorden) vert dei prosentvise tapa fort store. Ein må merke seg at talet dyr likevel ikkje er så høge. Nasjonalt er det eit bestandsmål på 850-1200 hekkande kongeørnpar. I Odda kommune har det vore problem med tap til jerv. Sau og lam teke av jerv som er dokumentert av Statens Natur Oppsyn var 47 individ i 2016 og 8 i 2017. Det er gjeve erstatning for tap til rovvilt for 33 dyr i 2017. Det er betalt ut erstatning for fleire dyr enn dette, men dei er registrerte i Rogaland, sidan det er mange føretak frå Rogaland som beiter i desse områda. Som eit ledd i førebygging av tap av sau og lam på utmarksbeite er det mange som har organisert seg i beitelag.

Det er nær 100 organiserte beitelag i Hordaland og kring 70 % av sau og lam er inkludert i desse, som statistikken bygger på.

 

Kontaktpersonar