Opning av flott fjøs hjå Arvid og Wenche Løne, Voss

Vel 120 besøkjande kom til Voss for å sjå det nye fjøset til Arvid og Wenche Løne laurdag 11. november.

Tross kaldt vèr det godt med folk til Løne på Voss for å sjå på opninga av det nye fjøset til Arvid og Wenche Løne. Snoren vart klippa av vara ordførar Sigbjørn Hauge. Innovasjon Norge, Voss Sparebank, Fjøssystemer og Haugaland Bygg og Betong var blant dei som gratulerte ekteparet med det nye fjøset.

Fjøset har plass til 44 mjølkande kyr og er godt utstyrt. Mjølkerobot, skraperobot og fullfôrblandar er gode hjelpemiddel i den daglege drifta. Dei eldre delane av fjøset er frå 2003 og 1993 og er under ombygging til kvigeoppdrett og fullt påsett av stutar, i tillegg som det vil verte plass til innkjøpte dyr. Kalvane vert stalla opp ute i eigne igloar.

Kontaktpersonar