Jordvern i utmark

Nye anslag syner at kring 80 % av utmarka i Hordaland vert nytta til beitedyr. Det er difor viktig å kartlegge og synleggjere verdien av utmarka seier Yngve Rekdal frå Nibio.

Under samlinga for leiarane i organiserte beitelag i januar hadde Nibio eit interessant innlegg om kartlegging av beiteressursar. Dette er eit arbeid som Nibio kan ta på seg og har gjort i andre delar av landet. Området vert synfart og kartlagt etter kring 45 ulike vegetasjonstypar. Så vert det lagt inn data om berggrunn og klimahøve. Denne informasjonen vert kvalifisert ned til 3 ulike kvalitetar: mindre godt, godt og svært godt eigna til beite for husdyr. Ei grov kartlegging frå 2015 syner at 13 % av utmarksbeite i Hordaland er av svært god kvalitet, nær halvparten av utmarksbeita er av god kvalitet, medan 40 % er mindre godt. Ein femtedel av landarealet i Hordaland er ikkje eigna til beite (13 % for landet), dvs stein og berg. Samanlikna med landet har Hordaland generelt mykje gode og svært gode beite.

Utmark som ressurs

Ein vegetasjonstype som spesielt vert trekt fram er såkalla snøleievegetasjon. Ein kvart av fjellarealet i Hordaland har denne kvaliteten der plantene som veks rett etter snøen smeltar er svært næringsrike. Viss ein reknar med 65 saueeiningar per km2 kan ein rekna seg fram til eit totalt beitetrykk (inkl. hjortevilt) på 80 % i Hordaland. Dette er kanskje høgare enn ein tidlegare har vore klar over. Difor er det òg viktig å få kartlagt kvar dei beste beiteområda er når det vert snakk om t.d. hyttebygging. Også utmarka er ein avgrensa ressurs der ein må tenkje seg om korleis ein nyttar. Likevel er det i utmarka ein har størst potensiale om å auke matproduksjonen når ein reknar i tal km2.

Kontaktpersonar