Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde

Fylkesmannen i Hordaland lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2018. Hordaland har totalt ei ramme på kring 750 000 kroner. Frist for søknad er 15. mars.

Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskot kan søkjast av lag eller foreiningar som driv med beitedrift og som skal investere i felles investeringstiltak og/eller planleggings og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde.

Meir informasjon om tilskotet og søknadsprosedyre fin du i vedlegg.

Kontaktpersonar