Dialogmøte og fagsamling om sau i utmark

Me inviterer til dialogmøte for leiarane i beitelaga og open fagsamling for alle som driv sauehald og andre interesserte 26.-27. januar 2018 på Scandic Flesland Airport.

Med dette inviterer Fylkesmannen si landbruksavdeling i Hordaland alle beitelagsleiarane til dialogmøte fredag 26. januar. Viss ikkje leiaren har høve til å møte kan ein annan representant frå laget stille i staden for.

Etter dialogmøtet inviterer HSG og Fylkesmannen til ei interessant fagsamling for alle som driv med sau eller er elles interessert.. Den startar rett etter dialogmøtet på fredag 26. jan, ca. kl. 15.00. Fredagskveld inviterer vi til ein betre middag med noko festlege innslag. På laurdagen held vi fram med interessante og nyttige foredrag fram til ca. kl. 15.00.

Fagsamlinga er  open for alle og det kostar kr. 1 350,- per person. Dette inkluderer konferanse pakke, middag, overnatting, frukost og lunsj på laurdag.

Vi presiserer at dialogmøtet kun er for leiarane i beitelaga i fylket

Påmelding: send ein e-post til Kari des Bouvrie: fmhokdb@fylkesmannen.no

Sjå program i lenke til høgre på sida.