Husdyr

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det meir enn 800 000 storfe, over èin million sauer, over 1,5 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 62 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, mink, rev, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar, som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit), utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Husdyrkonsesjon skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Bønder som ønskjer å produsere meir, må søkje om konsesjon for å auke produksjonen.

Bruk skjemaet til høgre når du skal søkje om husdyrkonsesjon, og send søknaden til kommunen. Kommunen innstiller og sender saka vidare til Fylkesmannen, som behandlar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans, men klagen skal likevel sendast til Fylkesmannen.

Erstatningsordningar og tilskot

Fylkesmannen har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Fylkesmannen er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Vis meir

Størstedelen av husdyrproduksjonen i Hordaland er knytt til dei grovfôrbaserte husdyrslaga. Hordaland produserer omlag 5 % av kumjølksmengda i landet, omlag 4 % av storfekjøtet og omlag 9 % av den totale sauekjøtproduksjonen i Noreg. Svine- og fjørfeproduksjonen har lite omfang i Hordaland samanlikna med elles i landet.


13.09.2018

Meir Investeringsmidlar att til tiltak i beiteområde 2018

Fylkesmannen i Hordaland lyser med dette ut noko meir investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2018. Frist for søknad er 15. oktober.


18.07.2018

Romeplanta, orsaka til dyredød på beite

Mattilsynet varslar at romeplanten kan vere orsak til at fleire storfe er funne døde i beiter rundt om. Sjølv om rome er nokså giftig, er den til vanleg ikkje noko problem for beitande husdyr. Årets tørke har ført til beiting på myrlendte områder med mykje romeplantar som dyra tidlegare hadde unngått


11.04.2018

Tiltak mot MRSA - oppfølging av personar som arbeidar med svinebesetningar

Det er no forskriftsfesta at personar som arbeidar eller på annan måte er i kontakt med gris i gitte tilfelle skal nytte beskyttelsesutstyr og la seg teste mot multiresistente bakteriar (MRSA). Kommunen har ansvar for smittevernhjelpa.


26.02.2018

Jordvern i utmark

Nye anslag syner at kring 80 % av utmarka i Hordaland vert nytta til beitedyr. Det er difor viktig å kartlegge og synleggjere verdien av utmarka seier Yngve Rekdal frå Nibio.


21.02.2018

Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde

Fylkesmannen i Hordaland lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2018. Hordaland har totalt ei ramme på kring 750 000 kroner. Frist for søknad er 15. mars.


20.02.2018

Godt gjennomført storfeprosjekt i Hordaland

Ved årsskiftet vart Storfeprosjektet 2016-2017 i Hordaland avslutta. Målet har vore å oppretthalda kjøt- og mjølkeproduksjon i Hordaland.


06.02.2018

Kva har investeringsmidlane til tiltak i beiteområde vorte brukt til?

Dei siste åra har Fylkesmannen løyvd tilskot til beitelag som har søkt støtte til investeringstiltak i beiteområde i utmarka. Sidan 2010 har Fylkesmannen gjeve støtte til ulike tiltak for totalt 4,3 millionar kroner.


05.02.2018

Lite tap av sau og lam på utmarksbeite

Det er låge tapstal for sau og lam som vart sleppt på utmarksbeite i Hordaland i 2017. Hovudgrunnen er lite rovdyr og organisert beitebruk.


30.01.2018

Vellukka samling for organiserte beitebrukarar

Kring 60 beitelagsleiarar frå Hordaland var samla til dialogmøte og fagsamling omkring viktige tema 26-27. januar.


19.12.2017

Søknadsfrist Investeringsmidlar i beiteområde - 15. mars 2018

Fylkesmannen informerer med dette om at frist for søknadar om investeringsmidlar i beiteområde vert sett til 15. mars 2018.


Fleire nyhende