Landbruk og mat

Den viktigaste samfunnsoppgåva til norsk landbruk er å sikre nok trygg og variert mat av god kvalitet. Men landbruket medverkar òg til desentralisert busetjing og næringsliv over heile landet, miljøgode som bevaring av biologisk mangfald, kulturlandskap og dei karbonlagra som skogen og jorda utgjer. Landbruket speler òg ei viktig rolle for å vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur.

Det er eit politisk mål å halde oppe eit levande landbruk i heile landet. Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Fylkesmannen skal blant anna

  • gi råd og assistanse til kommunane
  • kontrollere kommunane
  • behandle klager på kommunale vedtak innanfor landbrukslovgivinga
  • arbeide saman med andre regionale etatar og organisasjonar for næringsutvikling innanfor jordbruk og skogbruk
  • arbeide for å nå nasjonale målsetjingar for omlegging til økologisk landbruk
  • arbeide for å avgrense nedbygging av dyrka og dyrkbar jord og skog

Fylkesmannen rettleier også kommunar, organisasjonar, næringsaktørar og bønder om moglegheitene som finst i det offentlege systemet. Fylkesmannen støttar opp under aktivitetar knytte til utvikling og bevaring av regionale matkulturar, kunnskapsoppbygging om mat og kunnskap om mat og helse, spesielt retta mot barn og unge.

Andre viktige offentlege aktørar innan landbruk er:

Vis meir

Hordalandslandbruket er forma av naturen og menneska. Naturgjevne tilhøve som geografi, topografi og klima har gjeve gode tilhøve for fruktdyrking i Hardanger, sauebeite på kysten og gode areal med fulldyrka jord i dalføre og fjordbotnar, som i Voss, Etne, Kvinnherad og Kvam.

Landbruksavdelinga er den regionale representanten for den nasjonale landbrukspolitikken, innan forvalting, kontroll og utvikling. Vi er ein viktig og arbeidande utviklingsaktør i fylket, og bidreg i tillegg til utvikling av tradisjonelle produksjonar, også til utvikling av bygderelaterte næringar, som produksjon av lokal mat, bygdebasert reiseliv og auka bruk av tre i byggenæringa.


13.07.2018

Meir midlar til skogsveg og taubane i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland fekk tildelt ei ekstraløyving på kr 2.000.000.- til skogsvegar og taubane. Midlane vil komme godt med, det er mange og store veganlegg under arbeid.


13.07.2018

Tilskot til direktesal av frukt, bær og grønt

Driv du med direktesal av moreller langs vegen? Sel du frukt, bær eller grønt direkte til kunden? Då må du hugsa å få dokumentasjon på salet dersom du skal søka om tilskot til direktesal.


14.06.2018

Nytt tilskot til stølsdrift

I år kjem det eit nytt tilskot til stølsdrift meir enn 6 veker. Tilskotet er på 50 000 kroner pr føretak.


12.06.2018

No kan fleire få tilskot for bratt areal

I år vert vilkåra for å få tilskot til bratt areal endra, slik at fleire kan få tilskotet. I tillegg kan dei med mykje bratt areal kan få utbetalt meir tilskot enn tidlegare.


11.06.2018

Regionalt miljøtilskot (RMP) 2018

Det blir endringar i enkelte tilskotsordningar i RMP i 2018. Dette gjeld tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel, tilskot til beite i landskapsparkar, tilskot til stølsdrift og tilskot til bratt areal. Søknadsfrist er 15. oktober.


18.05.2018

Auka skogeigarsamarbeid

Prosjektet «Motiv skog» vil auke samarbeidet mellom skogeigarane i nokre utvalte områder. Betre økonomi for skogeigaren og koordinering av tiltak er målet. No har prosjektet styrka mannskapet sitt.


18.04.2018

Utlysing tilskot frå Hordaland Landbruksselskap

Hordaland Landbruksselskap er ei ideell stifting der føremålet er å forvalte kapitalen i dei fonda selskapet har til rådvelde, i tråd med gjevarane sitt ønskje og til det beste for jordbruket i Hordaland.


17.04.2018

Kandidatar til Anton Mindes Ærespris

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap ber om forslag til kandidatar til «Fabrikkeier Anton Mindes Ærespris for framifrå gardsdrift»


11.04.2018

Tiltak mot MRSA – oppfølging av personar som arbeidar med svinebesetningar

Det er no forskriftsfesta at personar som arbeidar eller på annan måte er i kontakt med gris i gitte tilfelle skal nytte beskyttelsesutstyr og la seg teste mot multiresistente bakteriar (MRSA). Kommunen har ansvar for smittevernhjelpa.


03.04.2018

Parsellhagehåndboken lansert

Dyrkingsprosjekt i byane våre brer om seg med stor entusiasme. Målet er at handboka i etablering og drift av parsellhagar, kan bli ein hjelp på vegen til å gjera buområda og kvardagen vår grønare.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel