Korleis kan kommunen redusere utslepp av klimagassar?

Dato:
5. desember - 6. desember
Stad:
Scandic Maritim, Haugesund
Ansvarleg:
Miljødirektoratet, fylkesmennene og fylkeskommunene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Målgruppe:
Leiarar, fagansvarlege og sakshandsamarar i kommunane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane

På samlinga i Haugesund 5. og 6. desember vert det presentert aktuelle tiltak og korleis kommunane kan arbeide for å redusere utsleppa. Kommunar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er inviterte.  Meld deg på så snart som mogleg! Frist er sett til 30. oktober. 

På samlinga vil ein presentere døme på effektive lokale tiltak. Første dag er særleg retta mot leiinga i kommunen. Andre dag vil det vere innlegg og diskusjonar knytt til ulike temagrupper.

Tema for samlinga er aktuelt tema for alle kommunar. Vi viser til at regjeringa no har vedteke statlege planretningsliner om klima- og energplanlegging og klimatilpasning som gjeld for all planlegging, sjå lenke i høgremargen.  

Samlinga vert arrangert av Miljødirektoratet, fylkesmennene og fylkeskommunen i dei tre fylka, saman med Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Les meir om samlinga, program og påmelding på nettsida til Miljødirektoratet.

Deltaking er gratis. Påmeldingsfrist er 30. oktober. 

Velkomen til samling!

Legg til i eigen kalender
Dato:
5. desember - 6. desember
Stad:
Scandic Maritim, Haugesund
Ansvarleg:
Miljødirektoratet, fylkesmennene og fylkeskommunene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Målgruppe:
Leiarar, fagansvarlege og sakshandsamarar i kommunane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane

Kontaktpersonar