Oppstartsmøte for læringsnettverk om ansvarleg alkoholhandtering

Dato:
22. november 10:00 - 15:00
Stad:
Scandic Byparken, Bergen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Hordaland og Kompetansesenter rus region vest Bergen (KoRus vest Bergen)
Målgruppe:
Tilsette med ansvar for sakshandsaming av skjenkesaker, kommunalsjefar, folkehelsekoordinatorar, SLT-koordinatorar

Fylkesmannen i Hordaland og Kompetansesenter rus region vest Bergen (KoRus vest Bergen) inviterer kommunane i Hordaland til eit oppstartmøte for læringsnettverk om ansvarleg alkoholhandtering og uteliv.

Nettverket vil gi kommunane høve til å utveksla erfaringar og få fagleg påfyll. Målgruppa for læringsnettverket er primært tilsette i kommunane som på ulikt vis kjem i kontakt med alkoholpolitiske problemstillinger, sals- og skjenkebestemmelser og kontrollarbeidet knytt til alkohollova.

Føremål:

Kompetanseheving og erfaringsutveksling for kommunar, knytt til uteliv og ein ansvarleg alkoholhandtering.

Tema for det første møtet er mellom anna erfaringar frå arbeidet etter dei nye føresegnene i alkohollova, ansvarleg vertskap e-læring, 3-partsamarbeidet (politi, næring og kommune).

Påmelding og kostnader:

Påmelding innan 31. oktober 2017 via eige skjema her.

Det er gratis å delta. Kommunane dekkjer reiseutgifter sjølve.

Dato:
22. november 10:00 - 15:00
Stad:
Scandic Byparken, Bergen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Hordaland og Kompetansesenter rus region vest Bergen (KoRus vest Bergen)
Målgruppe:
Tilsette med ansvar for sakshandsaming av skjenkesaker, kommunalsjefar, folkehelsekoordinatorar, SLT-koordinatorar

Kontaktpersonar

Dokument