Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fagsamling "Bergingsaksjon for elvemusling i Hordaland"

Dato:
3. desember 2013 12:00 - 4. desember 2013 13:00
Stad:
Statens Hus i Bergen og Bekkjarvik Gjestegiveri Austevoll
Arrangør:
Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvern- og klimaavdelinga
Målgruppe:
Kommunepolitikarar, arealplanleggarar, landbruks- og skogkonsulentar og miljøvernrådgjevarar i kommunane og private konsulentar

Kommunane har ei nøkkelrolle i å ta vare på sine elvemuslingbestandar. Med denne samlinga ønskjer vi å presentere «bergingsaksjonen for elvemusling i Hordaland» og knyta kontaktane med lokale politikarar, kommunale sakshandsamarar og andre fagfolk.

Publisert 01.11.2013

Søk etter elvemusling i Loneelva, Osterøy. Elvemuslingen er ein nøkkelart ved at den filtrerar og «reinsar» vatnet og på den måten betrar levekåra for fisk og anna liv i vassdraget. Men utan tiltak vil endå fleire av dei trua elvemuslingbestandane i Hordaland forsvinne.
Biletet: Søk etter elvemusling i Loneelva, Osterøy. Elvemuslingen er ein nøkkelart ved at den filtrerar og «reinsar» vatnet og på den måten betrar levekåra for fisk og anna liv i vassdraget. Men utan tiltak vil endå fleire av dei trua elvemuslingbestandane i Hordaland forsvinne.

Bli med på bergingsaksjonen
Fylkesmannen i Hordaland inviterer til spanande fagsamling om vårt eldste dyr – elvemuslingen i Hordaland. Av 21 registrerte bestandar har vi berre 2 livskraftige førekomstar att i Hordaland. 10 av bestandane er utrydda og resten er kritisk trua. Elvemuslingen er ein trua art og det er i hovudsak redusert vasskvalitet som fylgje av aktivitetar på land som utgjer viktigaste trugsmåla i dag.

Samlinga er lagt opp omkring lokale tilhøve og utfordringar i Hordaland. Det vil vere føredragshaldarar frå Miljødirektoratet, Universitet i Bergen, Rådgivende biologer, Statsarkivet, Landbruksrådgivningen i Hordaland, Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland.

Føredraga i pdf-format:

Nasjonalt arbeid med elvemusling

Jarl Koksvik, Miljødirektoratet

Bergingsaksjon for elvemusling i Hordaland

Magnus Johan Steinsvåg, Fylkesmannen

Elvemuslingen - ei kulturhistorisk perle!

Marianne Herfindal Johannessen, Statsarkivet

Prosjekt "Rein elv Haukås": Store utfordringar og grøne framtidsversjonar

Håvard Bjordal, Bergen kommune

Kartlegging og status for elvemusling i Hordaland

Steinar Kålås, Rådgivende Biologer

Elvemusling og landbruksavrenning: korleis redusere påverknadane?

Elvemusling og Miljøavtalar i landbruket

Øyvind Vatshelle, Fylkesmannen

Torleif Bakke Håvik, Landbruksrådgivninga

Kva kan kommunen gjere for å ta vare på "sin" elvemusling?

Magnus Johan Steinsvåg

Håvard Bjordal

Bevaringstiltak: Storskala kultivering av elvemusling for utsetjing

Per Johan Jakobsen, Universitetet i Bergen

 

Tid og stad:
3. – 4. desember 2013. Bergen og Austevoll. Oppmøte på Statens hus i Bergen. Overnatting og dag 2 ved Bekkjarvik Gjestegiveri i Austevoll. Miljødirektoratet og Fylkesmannen dekker mat og opphald.

Det vert felles biltransport frå Statens hus til Bekkjarvik t/r. Sjå elles program meir informasjon.

Påmelding
Påmelding på skjema under. Det vert sendt kvittering for påmelding til oppgitt e-postadresse. Det er få plasser på fagsamlinga. Fylkesmannen vil prioritere deltakarar ved overteikning. Frist for påmelding er måndag 18. november.

Dato:
3. desember 2013 12:00 - 4. desember 2013 13:00
Stad:
Statens Hus i Bergen og Bekkjarvik Gjestegiveri Austevoll
Arrangør:
Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvern- og klimaavdelinga
Målgruppe:
Kommunepolitikarar, arealplanleggarar, landbruks- og skogkonsulentar og miljøvernrådgjevarar i kommunane og private konsulentar