Gode tal for 2017 gir svakare vekst til 2018

I statsbudsjettet får kommunane ein auke i frie inntekter, målt frå anslått inntektsnivå i RNB, på kr. 3,6 mrd. frå 2017 til 2018. At 2017 vert betre enn forventa ved RNB påverkar veksten, men ikkje nivået for 2018. Forventa handlingsrom for 2018 er berekna til kr. 0,4 mrd.

Skatteanslaget for 2017 er justert opp med kr. 4,- mrd for kommunesektoren, med kr. 3,4 mrd for kommunane og kr. 600 mill. for fylkeskommunane. Bakgrunnen er ekstraordinært store uttak av utbytte for personlege skatteytarar som truleg skuldast tilpassing til skattereforma. 

Pris- og lønsvekst for 2017 er som i Revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2,3 pst. Realveksten for kommunesektorens frie inntekter er dermed oppjustert til kr. 2,5 mrd.

Kommuneopplegget 2018 

Vekst i samla inntekter er forventa å bli kr. 4,6 mrd.. Vekst i frie inntekter er berekna på 3,8 mrd. for kommunesektoren, kor om lag kr. 3,6 mrd. er til kommunane. Veksten er som vanleg målt frå anslått nivå i mai ved framlegging av RNB.

Oppjusteringa i skatteinntekter for 2017 gir at det ikkje er vert vekst i frie inntekter målt frå forventa rekneskapstal 2017, slik det var frå RNB 2017, men nivået på frie inntekter i 2018 er som forespeila i RNB.

Pris- og lønsvekst er berekna til 2,6 pst (i denne ligg forventa lønsvekst på 3,- pst).

Den nominelle veksten i 2018 frå anslag på rekneskap 2017 er for Hordaland 2,7 pst., for landet 2,6 pst.

Skatteøyret er som før 11,8 pst., og skatteandelen 40 pst.

Handlingsrommet

Demografi og pensjonskostnader tar kr. 2,5 mrd. av realuka, mens satsingar innanfor vekst i frie inntekter er berekna til kr. 0,7 mrd. Det gir eit berekna handlingsrom på om lag kr. 0,4 mrd.

Vedlegg

Vedlagt Fylkesmannen i Hordaland sitt notat om statsbudsjettet, med tabell. Vedlagt også dekomponert tabell 3-K som gir bakgrunnstal for utrekning av frie inntekter (som ikkje er å finne i Grønt Hefte), samt andre tabellar frå Grønt hefte.

For Grønt Hefte og sjølve budsjettdokumentet kan du gå på regjeringa.no sin budsjettportal.