Kommuneøkonomien 2013 - 2017

Fylkesmannen i Hordaland har utarbeida ein økonomisk rapport med resultat og utviklingstrekk for kommunane i Hordaland. Dei økonomiske resultata var gode i eit historisk perspektiv, men gjelda i fylket ligg no over gjennomsnittet for landet. Den kraftige veksten i folketalet i presskommunane har bremsa opp.

Rapporten er basert på førebelse tal for 2017 og endelege (reviderte) KOSTRA-tal for åra 2013 - 2016.

I rapporten finn du ein skriftleg del som forklarar og syner dei viktigaste trekka ved kommuneøkonomien med ord og tabellar/figurar. I tillegg er alle tal presentert i tabellar bak i rapporten (som vedlegg).

Folketal

Fylket u/Bergen har dei siste åra hatt noko høgare prosentvis folkevekst enn landet elles, men meirveksten har no flata ut.

Bergen har normalt auka mest i talet på personar, men siste år var veksten liten. 

Randkommunane nær Bergen har hatt den største prosentvise veksten, gjerne nær/over ti prosent i eit femårsperspektiv. Sør i fylket er det for Sveio sin del ein randkommuneeffekt mot Haugesund.

Veksten i kommunar som Meland, Lindås, Askøy og Fjell er lågare enn for nokre år sidan, mens Os held fram med stor vekst.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat er den viktigaste indikatoren i den kommunale økonomien. For 2017 var 30 kommunar i pluss, mens det for 2016 var 32 kommunar i pluss. For dei kommunane det gjaldt var underdekninga på drifta i 2017 relativt liten. 

I løpet av dei siste 16 år, er det berre 3 år som har vore betre enn 2017 kva gjeld netto driftsresultat.

Teknisk berekningsutval (TBU) tilrår eit netto driftsresultat på minst 1,75 prosent av brutto driftsinntekter for å kunna gjera avsetjingar til framtidige investeringar og midlertidig ubalanse i drifta. 23 kommunar nådde dette målet i 2017 – det er nokon færre enn i 2016.

Kommunane er avhengige av eigedomsskatt

Av 33 kommunar i fylket hadde 32 kommunar inntekter frå eigedomsskatt i 2017. Av desse 32 fekk 20 kommunar eigedomsskatt frå bustad og fritidseigedom i tillegg til «anna eige-dom» (verk/bruk/næring). 

23 av desse 32 kommunane hadde inntekter frå eigedomsskatt som oversteig netto driftsresultat. Det betyr at dei ville gått i minus (evt. meir i minus) utan denne skatten - gitt same driftsnivå.

Gjeldsveksten held fram

Den ordinære gjelda er høg. Fylket u/Bergen tok i den siste 15-årsperioden igjen, og gjekk forbi, landet kva gjeld angår. Fylket u/Bergen har no passert landsgjennomsnittet (u/Oslo) i gjeld pr. innbyggjar og i prosentvis gjeld over brutto driftsinntekter.