Brev om kommunebudsjett 2018

Fylkesmannen i Hordaland skriv brev til alle kommunane i fylket med ei vurdering av budsjettet for året. Breva vert fortløpande lagt inn på denne saka.

Fylkesmannen i Hordaland har som praksis å gi skriftleg tilbakemelding på alle budsjett, ikkje berre til kommunar i ROBEK. Så også i år.

Tilbakemeldinga er ein gjennomgang, sett opp mot kommunelova med tilhøyrande forskrifter, slik at innbyggjarar, politikarar og tilsette kan få ein ekstern vurdering av budsjett og økonomiplan.

Meir om ROBEK

I skrivande stund er det ingen hordalandskommunar som er registrerte i ROBEK, det er tredje året sidan registeret vart oppretta i 2001.

Ein kommune i ROBEK er underlagt statleg kontroll i større grad enn andre kommunar. For desse kommunane er ikkje vedtak om opptak av lån eller vedtak om langsiktig avtale om leige av bygningar, anlegg og varige driftsmidlar som kan påføre kommunen utgifter ut over dei fire neste budsjettåra gyldige før dei er godkjende av departementet, det vil seie Fylkesmannen.

Registreringa medfører også automatisk lovlegkontroll av budsjettvedtak. Kontrollen skal gjerast av Fylkesmannen.

Kommunar blir registrerte etter § 60 i kommunelova dersom:

Kommunestyret eller fylkestinget har vedteke å fastsetje eit årsbudsjett utan at alle utgifter er dekte inn.Kommunestyret eller fylkestinget har vedteke å fastsetje ein økonomiplan utan at alle utgifter er dekte inn.Kommunestyret eller fylkestinget har vedteke inndekning ut over budsjettet for året etter rekneskapsavlegging.Kommunane eller fylkeskommunen ikkje følgjer vedteken plan for dekning av underskott.

(Merk! Dette er ikkje ordrett frå § 60.)

Fylkesmannen vurderer kommunane i høve til ROBEK-registrering ved budsjett- og rekneskapsavlegging