Kommunalrett

Kommunelova gir kommunar og fylkeskommunar stor fridom til å organisere verksemda si, berre dei held seg til reglane i forvaltningslova, offentlegheitslova og dei enkelte særlovene.

Det er viktig å balansere kommunalt sjølvstyre og lokaldemokrati mot nasjonale likskapsprinsipp og rettstryggleik, som skal gjelde for alle innbyggjarane i landet.

Fylkesmannen har mynde til å kontrollere verksemda i kommunane. Tre eller fleire medlemmer av eit kommunestyre kan saman sende ei avgjerd til Fylkesmannen for å få kontrollert at ho er lovleg. Fylkesmannen kan dessutan på eiget initiativ ta opp saker til lovleg­kontroll. Fylkesmannen kontrollerer at vedtaket har komme til på lovleg vis, at det er gjort av riktig organ, og at innhaldet i avgjerda er i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Vis meir


27.12.2018

Fylkesmannen i Hordaland inn i "Tolga saka"

Fylkesmannen i Hordaland har fått i oppgåve å koordinere ein heilskapleg gjennomgang og vurdering av sakshandsaminga i «Tolgasaka, samt utføre lovlegkontroll av vedtak trefte i Tolga kommune.

 


05.11.2018

Møte mellom kommunane og staten

Som vanleg var oppmøtet stort når staten og kommunane møtte kvarandre på Solstrand 30. og 31. oktober. Her finn du presentasjonane.



Kontaktpersonar

Lenkjer