Skjønsmidlar til prosjekt 2018

Av ei total skjønsramme på kr. 122,5 mill. for Hordaland er kr. 31,- mill. halde attende til prosjektskjøn og generell fordeling i løpet av året. Kommunane vert med dette invitert til å søkje om støtte til fornyings- og innovasjonsprosjekt. Frist 16. mars 2018.

Departementet ønskjer som tidlegare at Fylkesmennene skal gi skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt (prosjektskjønn). Eit viktig føremål med skjønstilskot til fornyings- og innovasjonsprosjekt er å gi kommunane høve til å prøva ut nye løysingar på utfordringane sine. Prosjekta kan omfatta alle tenesteområda i kommunen. Det er kommunane sjølv som må søke og som er ansvarleg for prosjektet, og prosjektet må vere forankra i den politiske leiinga i kommunen, i det minste hos ordførar og rådmann.

Prosjekt/oppgåver som ikkje blir støtta

Det skal ikkje bli gitt tilskot til utføring av kommunale drifts- og investeringsoppgåver eller prosjekt som er ein del av det ordinære kommunale utviklingsarbeidet. Det skal ikkje bli gitt tilskot til reine næringsutviklingsprosjekt eller til interne strukturelle omorganiseringar. Interkommunale prosjekt vil i hovudsak berre kunne få tilskot i etableringsfasen.

Elektronisk søknad

Frå og med 2016 skal kommunane søkje, og rapportere, på eit eige søknadsskjema i ein felles database for alle fylkesmannsembeta.

Det elektroniske søknadskjema (med påfølgjande rapporteringsskjema) finn du her:

https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no

Satsingsområder og prosess for tildeling

I vedlagte brev til kommunane finn du meir om prioritering og informasjon om prosess for søknad og rapportering.

Søknadsfrist er altså 16. mars 2018
Rapporteringsfrist for tildelte midler er 1. februar 2019