Oppstart av frivillig skogvern i Fusa og Kvinnherad


Høyringsfrist 31. desember 2018 23:00

Etter ønskje frå grunneigarane, melder vi start av arbeid med frivillig skogvern i Sæteråsen og Håvikvatnet i Fusa og Kvinnherad. Frist for innspel er 31. desember 2018.

Både Sæteråsen og Håvikvatnet har store naturkvalitetar og er ein del eit større samanhengande skoglandskap. Foto: Magnus Johan Steinsvåg

Både Sæteråsen og Håvikvatnet har store naturkvalitetar og er ein del eit større samanhengande skoglandskap. Foto: Magnus Johan Steinsvåg


Områda utgjer totalt 6 686 dekar, av dette er 5 829 produktiv skog. I gjeldande kommuneplanar er områda sett av til landbruk,- natur- friluftsområde, dels med sikringssone for nedslagsfelt for drikkevatn.

Berre 2 prosent av skogen verna i Hordaland

Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit leidd i dette har regjeringa eit langsiktig mål om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med berre 2,2 prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Hordaland. Grenseområda mellom Fusa og Kvinnherad er ein del av eit tyngdepunkt for skog i fylket, og såleis er det naturleg og ønskjeleg at meir av desse skogområda vert tatt vare på for framtida. 

Frivillig skogvern

Fram til for få år sidan var vern av naturområde stort sett initiert av staten, og under verneprosessane oppstod det ofte konfliktar mellom grunneigarar og vernemynde. No er frivillig skogvern den mest brukte verneforma for biologisk verdifulle skogområde.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Dersom staten finn det aktuelle området interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert. Les meir om frivillig skogvern på http://frivilligvern.no. Dei to verneframlegga som det no vert meldt oppstart om er begge resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Nasjonalt viktig natur

Sæteråsen: Forslag om frivillig vern av Sæteråsen (3 737dekar) omfattar skogområde frå Sæteråsen ved Lygrepollen og områder nord for Revurfjellet og vidare nordover til Yddal naturreservat. Føremålet med naturreservatet er å ta vare på ein eldre furuskog representativ for midtre delar av Hordaland. Området har stor variasjon av natur - og vegetasjonstypar med gamal kystfuruskog, gamal lauvskog og bekkekløft.

Håvikvatnet: Dei aktuelle skogområda for Håvikvatnet naturreservat (2 949 dekar) ligg på grensa mellom Fusa og Kvinnherad kommune. Areala omfattar skog like aust for Håvikvatnet. Også dette området vil vera ein del av eit større skoglandskap, og har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar. Området har mellom anna fleire naturtypar som eldre furuskog, rik edellauvskog, rikmyr, varmekjær kjeldeskog og fleire typar vestnorsk regnskog som vi har eit særleg internasjonalt forvaltaransvar for.

Avgrensing

Forslaga til vernegrensa er basert på ønskje frå grunneigarar som har tilbyde areal og dei dokumenterte naturkvalitetane i området. Sjå kart med forslag til avgrensing på naturbase.no. Det er ønskjeleg at fleire tilgrensande områder vert tilbydt til frivillig skogvern slik at naturreservata både fangar opp meir viktig natur og gjev ei meir fornuftig avgrensing av verneområda.

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er derfor ønskjeleg å verne om området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Turstiar som er i området skal også kunne haldast ved like. Eventuelle kraftlinjer som gjennom området skal kunna driftast, vedlikehaldast og oppgraderast. Bruk av Håvikvatnet som drikkevasskjelde og vasskjelde for settefisk vil vere på same nivå som før eit eventuelt vernevedtak. Sjå forslag til forskrifter for fleire detaljar.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Fylkesmannen sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Du kan gje innspel til oppstartsmeldinga på skjema under. Det er også mogleg å sende innspel med brev til Miljøvern- og klimaavdelinga, Postboks 7310, 5020 Bergen, eller per e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no.

Frist for å kome med innspel er 31. desember 2018

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.

Uttale til oppstart av frivillig skogvern i Fusa og Kvinnherad

Uttalen gjeld