Statkraft søker om løyve etter forureiningslova


Høyringsfrist 15. mars 2018 23:59

Statkraft søker om mellombels løyve til utslepp etter forureiningslova i samband med bygging av Storlia Kraftverk i Eidfjord kommune. Frist for uttale er 15. mars.

Tiltaket

Statkraft vil utnytte fallet mellom nytt inntak i Bjoreio og Sysenvatnet og vil gi om lag 30 GWh ny produksjon i året.

Anleggsområdet vil ligge nær riksveg 7, men ha god avstand til bustadbygg. 

Tiltaket vil medføre uttak av om lag 40 000 m3 massar frå tunnel som vil bli nytta til godkjente private og samfunnsnyttige formål. 

Ved tunneldriving vil tiltaket medføre utslepp av reinsa prosessvann til Bjoreio, som er resipienten. 

Tiltaket er vurdert ikkje å ha negativ verknad på viktige gyte- eller oppvekstområda for anadrom fisk. Elles er artsmangfaldet ordinært, utan registrerte raudlista artar.

Anleggsperiode: mai 2018- desember 2020.

 

Kartutsnitt som viser kor tiltaket skal skje

Kartutsnitt som viser kor tiltaket skal skje (Foto: Norkart)

 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne sida.

Høyringsfrist er 15.mars 2018

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen.

Merk saka med referansenummer 2018/341. Frist for å gje fråsegn er 15. mars 2018.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.