Søknad om utsleppsløyve frå anleggsarbeid ved bygging av Bybanen


Høyringsfrist 06. april 2018 23:00

Bybanen Utbygging søkjer om mellombels utslepp av vatn frå byggegrop i Fløen og frå tunneldriving under Haukeland sjukehus. Frist for uttale er 6. april 2018.

Anleggsvatnet frå byggegropa og tunnelldrivinga vil bli reinsa i sedimenteringsbasseng og oljeutskiljar før utslepp til Store Lungegårdsvann. Utsleppspunktet vil vere innanfor dobbel siltgardin og på mellom minus 10-15 meters djup.

Kartutsnitt som viser omtrentleg plassering av anleggsområde i Fløenområdet

Kartutsnitt som viser omtrentleg plassering av anleggsområde i Fløenområdet

Det er planlagt oppstart 1. desember 2018, og anleggsperioden vil vere om lag 30 månader.

Offentleg høyring

Søknad etter forureiningslova finn du til høgre på sida. Fråsegn til søknaden kan du sende på skjemaet som ligg nedanfor. Alternativt kan du sende brev til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen eller e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no. Merk brevet med referansenummer 2017/12563.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegner som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.

Kontaktpersonar