Søknad om utfylling i Olavika


Høyringsfrist 03. desember 2017 23:59

Statens vegvesen søkjer om løyve til å fylle ut i Olavika på Askøy. Frist for uttale er 3. desember 2017.

Det vert søkt om å fylle ut om lag 45 000 kubikkmeter sprengstein i eit areal på om lag 5000 kvadratmeter. Føremålet med utfyllinga er å utbetre fylkesveg 563, som i dag er smal og manglar gangveg. 

Forureina sjøbotn

Delar av utfyllingsområdet er forureina med oljesambindingar (PAH), to av tre prøver var markert forureina med polykorerte bifenyl (PCB) og ei prøve var særs forureina med tributyltinn (TBT).

Tiltak er planlagt for å hindre forureining

Det er planlagt å nytte siltgardin utanfor utfyllingsområdet for å hindre spreiing av partiklar. Det er også planlagt å overvake tiltaket med turbiditetsmålingar med grenseverdi for tillate partikkelspreiing utanfor tiltaksområdet.

Kart som viser tiltaksområdet på kartet over Askøy

Kart som viser tiltaksområdet på kartet over Askøy

Fleire tiltak i området

Statens vegvesen søkjer også om å fylle ut massar i Hopsvatnet. Sjå blå ring på kartet over. Meir informasjon om denne søknaden ligg som eige sak under Høyringar

Offentleg høyring

Saksdokumenta finn du til høgre på denne sida.

Høyringsfrist er 3. desember 2017

Uttale til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Hordaland, postboks 7310, 5020 Bergen. Merk saka med referansenummer 2017/11448. Frist for uttale er 3. desember 2017.

Alle fråsegn vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.