Søknad om utfylling i Hopsvatnet på Askøy


Høyringsfrist 03. desember 2017 23:59

Det vert søkt om å fylle ut om lag 2500 kubikkmeter sprengstein i eit areal på 360 kvadratmeter mellom Haugane og Holmen. Frist for uttale er 3. desember 2017.

Føremålet med utfyllinga er å utbetre fylkesveg 563, som i dag er smal og utan gangveg. 

Forureining på botnen

Delar av utfyllingsområdet er forureina med oljesambindingar (PAH) og polyklorerte bifenyl (PCB). Området var også noko forureina med tungmetall.

Plan for overvaking

I overvakingsplanen som vart sendt med søknaden er det anbefalt å etablere to siltgardinar for å beskytte mot partikkelspreiing frå bru- og vegarbeidet mellom Nyland og Holmen. Det er også planlagt å overvake tiltaket med turbiditetsmålingar og målingar av pH.

Kart som viser tiltaksområdet på kartet over Askøy

Utfyllingsområda ved utbetring av Fv. 563 er vist med blå ringar

 Fleire tiltak i området

Statens vegvesen søkjer også om å fylle ut massar i Olavika. Sjå blå ring på kartet over. Meir informasjon om denne søknaden ligg som eige sak under Høyringar.

Offentleg høyring

Saksdokumenta finn du til høgre på denne sida.

Høyringsfrist er 3. desember 2017

Uttale til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Hordaland, postboks 7310, 5020 Bergen. Merk saka med referansenummer 2017/11786. Frist for uttale er 3. desember 2017.

Alle fråsegn vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skriveunder fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.