Søknad om løyve til mottak og lagring av farleg avfall i Skeievegen


Høyringsfrist 05. februar 2018 23:59

Vitek Miljø AS søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak og mellomlagring av farleg avfall i Skeieveien 76 i Rådal i Bergen kommune. Frist for uttale er 5. februar.

Oversitktsbilde som viser kvar anlegget ligg. Klikk på kartet for å sjå interaktivt Miljøstatuskart.

Søknad

Verksemda søkjer om å etablere eit mottak og mellomlager for farleg avfall i Rådalen. Det er søkt om å lagre 200 tonn fast avfall og 400 tonn flytande avfall.

Området der mellomlagringa skal gå føre seg ligg på industriområde.

Offentleg høyring

Søknad med vedlegg finn du til høgre på sida.

Høyringsfrist er 5. februar 2018.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen.

Merk saka med referansenummer 2016/2399.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må derfor skrive under med fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse blir ikkje vurdert.

Kontaktpersonar