Søknad om løyve etter forureiningslova i Strandvik i Fusa


Høyringsfrist 19. januar 2018 23:59

Strandvik Transport og Maskin AS søkjer om løyve etter forureiningslova for avfallsanlegget i Strandvik i Fusa kommune. Frist for uttale er 19. januar 2017.

Oversiktsbilde som viser kvar anlegget ligg. Klikk på kartet for å sjå interaktivt Miljøstatuskart.

Søknad

Verksemda søkjer om å utvide eksisterande løyve til sortering og omlasting av næringsavfall på avfallsanlegget i Strandvik. Det er søkt om å auke det årlege mottaket frå 1 500 til 2 600 tonn og auke den maksimale lagringsmengda frå 100 til 200 tonn. I tillegg er det søkt om å ta imot og mellomlagre farleg avfall. 

Krav i eksisterande løyve vil bli oppdatert til dagens regelverk og standard.  

Offentleg høyring

Søknad med vedlegg finn du til høgre på sida. 

Høyringsfrist er 19. januar 2017

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen. 

Merk saka med referansenummer 2016/2399. 

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må derfor skrive under med fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse blir ikkje vurdert.

Kontaktpersonar