Søknad om endring av utsleppsløyve for E39 Svegatjørn - Rådal


Høyringsfrist 22. mai 2018 23:00

Statens vegvesen søkjer om endring av nokre vilkår utsleppsløyvet for anleggsvatn og tunnelvaskevatn frå E39 Svegatjørn – Rådal. Frist for å gje uttale er 22 mai 2018.

Mellombels utslepp av anleggsvatn

I gjeldande løyve er det gitt lov til utslepp av 200 mg/l suspendert stoff på 35 meters djup i Fanafjorden. Dette anleggsvatnet kjem frå arbeid i dagsona i Rådalen. Dei store vassmengdene som skal handterast gjer at entreprenøren har problem med å halde den grenseverdien som er sett for suspendert stoff.

Statens vegvesen søkjer derfor om å heve utsleppsgrensa frå 200 mg/l til eit gjennomsnitt per veke på 300 mg/l, der ingen enkeltmålingar skal overskride 1000 mg/l. Maksimalt utslepp vil vere på 120 l/s mot tidlegare 500 l/s. Utsleppet vil vere mellombels og er stipulert til å vare ut 2019.

Figuren viser utsleppspunktet for anleggsvatnet på 35 meters djup i Fanafjorden

Figuren viser utsleppspunktet for anleggsvatnet på 35 meters djup i Fanafjorden

Permanent utslepp av tunnelvaskevatn frå Lyshorntunnelen

I gjeldande løyve er utsleppspunktet for reinsa tunnelvaskevatn frå Lyshorntunnelen i Åletrætjørna. Statens vegvesen søkjer no om å endre utsleppspunktet til Fanafjorden på 15 meters djup vest for Fanaholmen. Vedlagt søknaden ligg ei miljørisikovurdering for utslepp av reinsa tunellvaskevatn til Fanafjorden.

Det er lagt opp til prosedyrar for tunnelvasken for å redusere forureining og påverknad av resipienten:

  • Før vask skal støv i tunnelen kostast opp
  • Slam i sandfang og sedimentasjonsbasseng skal fjernast før kvar hovud- og halvvask
  • Reinsa vaskevatn skal ikkje sleppast ut i Fanafjorden i gyteperioden for torsk, februar-mai

Figuren viser utsleppspunktet for tunnelvaskevatnet på 15 meters djup i Fanafjorden

Figuren viser utsleppspunktet for tunnelvaskevatnet på 15 meters djup i Fanafjorden

Offentleg høyring

Søknad etter forureiningslova finn du til høgre på sida. Fråsegn til søknaden kan du sende på skjemaet som ligg nedanfor. Alternativt kan du sende brev til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen eller e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no. Merk brevet med referansenummer 2010/81288.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegner som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.