Søknad om drift av deponi på Eikefet


Høyringsfrist 31.desember 2017 11:00

Lindum AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å drive deponi for ordinært avfall i masseuttaket på Eikefet i Lindås kommune. Frist for uttale er 31. desember 2017.

Kartutsnitt. Klikk på kartet for interaktivt kart på Miljøstatus

Verksemda vil i hovudsak deponere forureina jord- og steinmassar og betong etter større grave- og riveprosjekt. Det er søkt om å ta imot inntil 200 000 tonn avfall per år og drift i 30 år. 

Offentleg høyring

Søknad etter forureiningslova med vedlegg finn du til høgre på sida. Uttaler til søknad etter forureiningslova skal sendast til Fylkesmannen, sjå under. Fylkesmannen vil vurdere søknaden etter forureiningslova og avfallsforskrifta kapittel 9 om deponering av avfall.

Høyring av reguleringsplanen etter plan og bygningslova vert gjennomført parallelt med høyring av søknaden etter forureiningslova, sjå lenke til høgre på sida til Lindås kommune.

Høyringsfrist etter forureiningslova er 31. desember 2017

Uttale til søknaden etter forureiningslova kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Hordaland, postboks 7310, 5020 Bergen. Merk saka med referansenummer 2016/16325. Frist for uttale er 31. desember 2017.

Alle fråsegn vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.