Oppstart av frivillig skogvern i Lio i Os

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi start av arbeid med frivillig skogvern i Lio i Os kommune. Frist for innspel er 4. mai 2018.

Området ligg omlag 1,5 kilometer nord for Hatvik ferjekai og gjeld ei fjordli med edelauvskog på eigedom gnr. 81, bnr. 1. Arealet er på om lag 120 dekar og har i gjeldande kommuneplan føremål landbruk, natur- og friluftsområde (LNF).

Naturkvalitetar i Lio 

Trass i at området ikkje er så stort, har det tilbodne området i Lio eit stort og verdifullt naturmangfald. Det meste av arealet er registrert som naturtypen rik edellauvskog av typen alm- og lindeskog, og er vurdert som svært viktig for biologisk mangfald (A-verdi). I tillegg til rik edellauvskog har Lio parti med fattigare edellauvskog og innslag av haustingsskog. Grovvaksne stuvar etter tidlegare hausting er vanleg, men det finst også relativt gamle ustyva tre. Ei rekkje sjeldne og raudlista artar er registrert her, og området har eit særleg rikt mangfald av lavartar. Området har nasjonale naturkvalitetar og er klart verneverdig.

Tilbodsområdet i Lio har mykje av dei same naturkvalitetane som i Floget naturreservat som ligg om lag 400 meter lenger sørvest. 

Frivillig skogvern

Fram til for få år sidan var vern av naturområde stort sett initiert av staten, og under verneprosessane oppstod det ofte konfliktar mellom grunneigarar og vernemynde. No er frivillig skogvern den mest aktuelle verneforma for biologisk verdifulle skogområde.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Dersom staten finn det aktuelle området interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert. Les meir om frivillig skogvern på http://frivilligvern.no.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Regjeringa har ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av norsk skog skal vernast. I Hordaland ligg berre 2,1 prosent av skogen innanfor verneområde, så vi er langt unna dette målet i vårt fylke.

Skogtypen i Lio er ei forlenging av edellauvskogen i Floget naturreservatet like sør. (Foto: © M.JS. / Fylkesmannen i Hordaland)

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er derfor ønskjeleg å verne området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i reservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigar vil framleis ha rett til jakt, fiske mv. og det vil framleis vere lov å sanke av sopp og bær. Eksisterande turstiar i området skal kunne haldast ved like. Sjå forslag til forskrift i høgre meny for fleire detaljar.

Avgrensing av området

Forslag til vernegrense er basert på ønskje frå grunneigar og dei dokumenterte naturkvalitetane i området. Sjå kart med forslag til avgrensing på vernekartet i høgre marg på denne sida.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Fylkesmannen sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Du kan gje innspel til oppstartsmeldinga på skjema under. Det er også mogleg å sende innspel med brev til Miljøvern- og klimaavdelinga, Postboks 7310, 5020 Bergen, eller per e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no.

Frist for å kome med innspel er 4. mai 2018

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.