Oppstart av frivillig skogvern i Kvam og Granvin


Høyringsfrist 05. mars 2018 23:00

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi med dette start av arbeid med frivillig skogvern på Skåro i Fyksesund i Kvam og i Uranes i Granvin herad. Frist for innspel er 5. mars 2018.

Området på Skåro utgjer 3 912 dekar og omfattar gnr./bnr. 66/1, 67/1 og 67/3 i Kvam herad. Vi startar også med ei utviding av eksisterande naturreservat Uranes i Granvin herad med 707 dekar til totalt 1433 dekar. Utvidinga gjeld eigedomane gnr 132 og bnr 1, 2, og 3.

Uranes naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg/Fylkesmannen i Hordaland ©

Uranes naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg/Fylkesmannen i Hordaland ©

Naturkvalitetar og verneformål

Føremålet med vern av skog på Skåro er å ta vare på eit område frå fjord til fjell, med stor økologisk variasjon og ulike skogtypar. Skog med bjørk og furu er mest utbreidd, men det er òg innslag av edellauvskog.

Føremålet med utviding av Uranes naturreservat er å ta vare på eit større edellauvskogområde representativt for midtre strok av Hardangerfjorden. Kalkrik berggrunn og lun lokalisering, gjer at floraen i området er både svært artsrik, variert og frodig. Ei rekkje truga artar av karplantar, sopp og insekt er registrert. Reservatet omfattar eit område med stor økologisk variasjon og ulike typar av edellauvskog. Gråor-heggeskog og gråor-almeskog veks i område med djup, næringsrik jord. Alm-lindeskog finst særleg i den nordaustlege delen av reservatet, og lindeskogen her er blant dei største i fylket.

Det er eit føremål at mangfaldet av artar og livsmiljøa deira skal få utvikle seg mest mogleg naturleg.

Frivillig skogvern

Fram til for få år sidan vart det for det meste gjennomført tematiske verneplanar over store delar av landet. Vernet har tidlegare i stor grad vore initiert av staten, og under verneprosessane har det oppstått nokre konfliktar mellom grunneigarar og vernemynde. No er det frivillig skogvern som er den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på Hordalandsnaturen for framtida.

Regjeringa har ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av norsk naturskog skal bli verna. Vi er enno langt unna dette målet, ikkje minst i Hordaland. Det er sett av midlar til å kompensere for frivillig skogvern i statsbudsjettet.

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er derfor ønskjeleg å verne området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.
Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Turstiar skal også kunne haldast ved like.

Avgrensing av området

Forslag til vernegrense er basert på ønskje frå grunneigar og dei dokumenterte naturkvalitetane i området. Sjå kart med forslag til avgrensing i høgre marg på denne sida.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Fylkesmannen sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Du kan gje innspel til oppstartsmeldinga på skjema under. Det er også mogleg å sende innspel med brev til Miljøvern- og klimaavdelinga, Postboks 7310, 5020 Bergen, eller per e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no. Merk innspel med kva verneområde uttalen gjeld.

Frist for å kome med innspel er 5. mars 2018

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Grunneigarliste er teke ut i frå eigedomsregisteret. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.