Onesubsea Processing AS avd. Horsøy søkjer om endra utsleppsløyve


Høyringsfrist 20. november 2017 23:00

Onesubsea Processing AS avd. Horsøy søkjer om å auke utslepp av oljehaldig vatn og kjølevatn til sjø frå anlegg for testing av undervassuststyr.

Onesubsea produserer mellom anna undervasspumper og måleutstyr for petroleumsindustrien. Olja kjem frå testing av undervassutstyr i basseng med sjøvatn. Det nedste vatnet i bassenget vert tappa før resten av vatnet vert pumpa til oljeavskiljar.

Verksemda ligg på Horsøy i Askøy kommune, så kartutsnitt.

Kartutsnitt Horsøy

Kartutsnitt Horsøy

Søknaden

Verksemda søkjer mellom anna om å auke utslepp av oljehaldig vatn til sjø frå gjeldande grense på 80 til 14 000 kubikkmeter per år. Med dagens grense på 20 mg olje per liter, søkjer dei om utslepp av opptil 280 kg olje per år. Dei søkjer også om å auke utslepp av ikkje forureina kjølevatn frå 2050 til 4000 kubikkmeter per time og fjerne krav til spesifisert plassering av utslippspunkt for kjølevatn.

Offentleg ettersyn

Søknaden finn du til høgre på nettsida. Her finn du og lenke til gjeldande løyve på norskeutslipp.no.

Høyringsfrist er 20. november 2017

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen.

Merk saka med referansenummer 2017/2181. Frist for å gje fråsegn er 20. november 2017.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.