Høyring av frivillig skogvern på Alsåker, Skåro og Uranes

Uranes naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg/Fylkesmannen i Hordaland ©
Uranes naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg/Fylkesmannen i Hordaland ©

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi med dette start av arbeid med frivillig skogvern på Alsåker i Ullensvang, Skåro i Fyksesund i Kvam og i Uranes i Granvin herad. Frist for innspel er 23. mai 2018.

Arealet på Alsåker er 125 dekar på gnr 114 bnr 2. Området på Skåro utgjer 3 934 dekar og omfattar gnr 66 bnr 1, gnr 67 bnr 1 og 3 i Kvam herad. Høyringa gjeld også ei utviding av eksisterande naturreservat Uranes i Granvin herad med 706 dekar til totalt 1433 dekar. Utvidinga gjeld eigedomane gnr 132 og bnr 1, 2, og 3.

Viktig skogsnatur

Føremålet med vern av skog på Alsåker er å ta vare på gammal edellauvskog med alm, ask og lind, som tidlegare har vore haustingsskog, og er representativ for indre strok av Hardangerfjorden. Ved å verne Skåro ønskjer vi å ta vare på eit område frå fjord til fjell, med stor økologisk variasjon og ulike skogtypar. Føremålet med utviding av Uranes naturreservat er å verne om eit større edellauvskogområde representativt for midtre strok av Hardangerfjorden. Eksisterande verneforskrift for Uranes naturreservat vert derfor også oppdatert til å gjelde ny forkskriftsmal.

Ein viktig del av verneformålet er at mangfaldet av artar og livsmiljøa deira skal få utvikle seg mest mogleg naturleg.

Frivillig skogvern

Fram til for få år sidan vart det for det meste gjennomført tematiske verneplanar over store delar av landet. Vernet har tidlegare i stor grad vore initiert av staten, og under verneprosessane har det oppstått nokre konfliktar mellom grunneigarar og vernemynde. No er det frivillig skogvern som er den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på Hordalandsnaturen for framtida.

Regjeringa har ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av norsk naturskog skal bli verna. Vi er enno langt unna dette målet, ikkje minst i Hordaland. Det er sett av midlar til å kompensere for frivillig skogvern i statsbudsjettet.

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er derfor ønskjeleg å verne området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Turstiar skal også kunne haldast ved like.

Alsåker, Skåro og Uranes naturrservat. Trykk på kartet for å opne kartet i naturbase.

Avgrensing av områda

Forslag til vernegrense er basert på ønskje frå grunneigar og dei dokumenterte naturkvalitetane i området. Sjå kart med forslag til avgrensing i høgre marg på denne sida.

Innspel til oppstartsmelding

Etter at fristen for innspel til oppstartsmelding gjekk ut for Alsåker i 5. februar 2018, og Skåro og Uranes 5. mars 2018, har det kome inn få innspel. Viktigaste har kome frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Hardanger Energi AS. Vi har endra forslag til verneforskrift for Alsåker og Skåro, slik at deira innspel på drift, vedlikehald og eventuell opprusting av energi og kraftanlegg er ivareteke. Ettersom det ikkje er kraftliner eller andre kraftanlegg i Uranes er det ikkje opna for dette her.

Vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Fylkesmannen vurdere desse og ta endeleg stilling til tilråding av vern til Miljødirektoratet.

Du kan gje innspel til oppstartsmeldinga på skjema under. Det er også mogleg å sende innspel med brev til Miljøvern- og klimaavdelinga, Postboks 7310, 5020 Bergen, eller per e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no. Merk innspel med kva verneområde uttalen gjeld.

Frist for å kome med innspel er 23. mai 2018

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Grunneigarliste er teke ut i frå eigedomsregisteret. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.