Tiltak mot fattigdom

Det er ei viktig samfunnsoppgåve å jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og minimal fattigdom. Viktige tiltak for å redusere fattigdom er ein skule som utjamnar sosiale skilnader og eit ope arbeidsliv med plass til alle.

Det finst menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Regjeringa ønskjer å tette hola i sikkerheitsnettet for grupper som i dag fell igjennom.

Kommunane skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar. Gjennom tilbod om sosiale tenester, som råd, rettleiing, økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, skal kommunane arbeide for at den enkelte skal kunne klare seg sjølv.

Fylkesmannen skal bidra til auka kompetanse i kommunane

Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett og rettar seg mot dei vanskelegast stilte. Fylkesmannen fører tilsyn med praktiseringa av sosialtenestelova i kommunane. Fylkesmannen skal bidra til å auge kvaliteten på dei sosiale tenestene i kommunane, gjennom tiltak som aukar kompetansen og regelverksetterlevinga. Fylkesmannen skal i sin innsats for å medverke til god forståing for og rett praktisering av sosialtenestelova, mellom anna bidra til at kommunane sikrar god tilgang til tenestene, gjer individuelle vurderingar i kvar enkelt sak og sikrar at barneperspektivet blir ivareteke. Vi driv også klagesaksbehandling.

Tilskot for å redusere fattigdom

I samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar Fylkesmannen tilskotsordningar som skal stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Alle kommunar kan søkje om tilskot. Fylkesmannen og Arbeids- og velferdsdirektoratet vel ut kva kommunar som skal få tilskot. Ei viktig målsetjing med ordninga er å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar som kan gje mindre fattigdom og hindre at grupper blir ståande utanfor sosiale arenaer.

 

Vis meir

Økonomisk rådgjeving

Økonomisk rådgjeving finn du under eige menypunkt. Der står også møtedatoar for Økonomisk samarbeidsforum i Hordaland.


19.07.2018

Nær fire millionar kroner til utviklingsarbeid i Nav

Arbeids- og velferdsdirektoratet har løyvd 3 860 558 kroner til å dekke lønnsutgifter for å stimulere til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontor i Hordaland.


05.10.2017

Nullvisjon for bustadløyse?

Dagskonferanse i Bergen 17. januar 2018 om tiltak mot bustadløyse og deling av erfaringar frå praksisfeltet.


13.12.2016

Innsats på tvers mot barnefattigdom

– Ingen vel sin eigen barndom. Difor er det ei samfunnsoppgåve og ei offentleg oppgåve å motverke barnefattigdom, seier fylkesmann Lars Sponheim.


02.08.2016

Fylkesmannen er ikkje klageinstans når det gjeld tvungen forvaltning av einskiltpersonar sine folketrygdeytingar

Det hender at einskiltpersonar kontaktar Fylkesmannen for å klage på at Nav har vedtatt tvungen forvaltning av trygdeytingane deira, men då er dei komne til feil adressat.


13.06.2016

Fylkesmannen er ikkje klageinstans for Nav si forvaltning av einskiltpersonar sin økonomi

Når kommunen eller Nav-kontoret inngår avtale om frivillig offentleg forvaltning skjer dette innanfor det privatrettslege området, ettersom dei ikkje har plikt til å tilby slike tenester.


25.05.2016

Nær fire millionar til kommunalt arbeid mot barnefattigdom i 2016

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland har for 2016 løyvd 3 965 837 kroner til ti kommunale tiltak som skal motarbeida barnefattigdom.


27.04.2016

Statstilskot til bustadsosialt arbeid 2016

Tre nye Nav-kontor i Hordaland statstilskot til bustadoppfølging overfor vanskelegstilte barnefamiliar og unge.  Dei tre er: Nav Askøy, Nav Fusa og Nav Ytrebygda.


20.01.2016

Fattigdomsrapporten for 2015

Svakare arbeidsmarknad og høg innvandring fører til at det vert fleire fattige i Noreg.


07.09.2015

Fylkesmannen sin uttale til rapporten ”Et NAV med muligheter”

Fylkesmannen i Hordaland meiner tida er moden for å greie ut om dei sosiale tenestene og kommunale velferdsoppgåvene i Nav bør skiljast frå dei statlege.


01.06.2015

Nær tre millionar kroner til tiltak mot barnefattigdom

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Fylkesmannen i Hordaland har for 2015 løyvd 2,8 millionar kroner til åtte kommunale tiltak som skal motarbeida barnefattigdom.


Fleire nyhende