Sjølvbestemming har ført til færre klagar på tvangsmedisinering

Frå 1. september 2017 blei reglane om tvang endra. Føremålet er mindre og riktig bruk av tvang. Pasientar med alvorlege sinnslidingar, som sjølv kan ta stilling til helsehjelpa, kan no nekte helsehjelp dersom dette ikkje fører med seg nærliggande alvorleg fare for eige liv eller for livet eller helsa til andre.

Fylkesmannen får færre klagar på vedtak om tvangsmedisinering, særleg for dei som har hatt vedtak om tvungent psykisk helsevern og som bur heime. Dei nye reglane stiller ikkje berre krav til at spesialisthelsetenesta skal uttale seg om pasienten sin evne til å ta stilling til helsehjelpa (samtykkekompetanse). Det er òg krav til betre grunngjeving for medikamentbruken. Tvangsmedisineringsvedtaka, som Fylkesmannen kontrollerer og overprøver blei betre grunngjeve etter at dei nye reglane kom.

Tal klager på tvangsmedisineringsvedtak til Fylkesmannen i Hordaland:

 

Før lovendringa

(januar - august 2017):

Etter lovendringa

(september 2017 - februar 2018):

Totalt tal klager

73

47

Klager per månad,

for perioden

9,1

7,8

Tala viser kor mange som har klaga til Fylkesmannen. Vi har ikkje oversikt over om dette speglar utviklinga for talet på tvangsvedtak.

Større rettstryggleik

Pasientar som klagar på tvangsmedisinering har no rett til gratis advokat i fem timar.

Ei viktig endring i lova er at den som er kompetent til å samtykke til helsehjelpa ikkje lengre kan bli underlagt tvungent psykisk helsevern, sjølv om vedkommande har ei alvorleg sinnsliding. Om det er tvil om pasienten er samtykkekompetent, så er pasienten samtykkekompetent. Viktige moment i samtykkevurderinga er om pasienten kan forstå konsekvensane av helsehjelpa, har evne til å anerkjenne informasjon om eigen sjukdom, kan reflektere over alternativ og uttrykke val. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse skal leggast fram for næraste pårørande.

Viss det er nærliggande alvorleg fare for eige liv eller andre sitt liv og helse kan pasienten likevel bli underlagt tvungent psykisk helsevern, sjølv om vedkommande har samtykkekompetanse.

Før spesialisthelsetenesta gjer vedtak om tvangsmedisinering må pasienten vere tilstrekkeleg undersøkt. Som hovudregel skal ein pasient, som ikkje er kjent i institusjonen, vere undersøkt over minst fem døgn, mot tre døgn tidlegare.

Fylkesmannen har vore i dialog med leiinga i helseføretaka, både før og etter regelendringane. Føretaka følgjer med på utviklinga og har som mål å få ned tvangsbruken.

Sjølv om det var nedgang i tal på tvangsmedisineringsklagar, er det for tideleg å konkludere på kva følgjer regelendringane får.

Helsedirektoratet har utarbeidd informasjonsskriv og kommentarar til lovendringane her.